Menachem Begin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Menachem Wolfovich Begin

Menachem Begin i 1978
Statsminister i Israel
Periode21. juni 1977–10. oktober 1983
PartiLikud, Gahal, Herut
Fødd1913 i Brest-Litovsk i Russland (noverande Kviterussland)
FødestadBrest i Belarus
Død1992 i Tel Aviv i Israel
DødsstadTel Aviv
MorHassia Biegun
FarZeev Dov
EktefelleAliza Begin
BarnBenny Begin
EtterfølgjarYitzhak Shamir

Menachem Begin[1] (16. august 19139. mars 1992) var ein israelsk politikar fødd i Brest-Litovsk i Russland (noverande Kviterussland).

Begin var leiar av Irgun, ein militant jødisk organisasjon. Organisasjonen Irgun stod mellom anna bak bombeåtaket på det britiske hovudkvarteret i King David-hotellet i Jerusalem i 1946, der 91 menneske vart drepne. Mellom ofra var det både britar, arabarar og jødar.[treng kjelde]

Han var Israels 6. statsminister og sat frå 1977 til 1983, og fekk Nobels fredspris i 1978.

Begin var leiar for dei politiske partia Herut frå 1948, Gahal frå 1965 og Likud frå 1973 til 1982. Han blei med i regjering for første gong i 1967, under Levi Eshkol som minister utan portefølje. Han trekte seg frå regjeringa til Golda Meir i 1970. I 1977 vann Likud valet til Knesset, og Begin blei statsminister.

Begin fekk Nobels fredspris for 1978 saman med Anwar Sadat etter fredsavtala mellom Israel og Egypt. Fredsavtala vart inngått på Camp David i USA. Ettermælet hans har vorte sverta på grunn av ordrane hans om å invadere Libanon i 1982. Invasjonen var ei medverkande årsak til dei berykta massakrane i Sabra og Shatila i Beirut same året.

Begin døydde i Tel Aviv og blei etter eige ønske gravlagd på Oljeberget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. hebraisk מְנַחֵם בְּגִין
Spire Denne politikkartikkelen som har med historie og Israel å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.