Menasseh Ben Israel
| Menasseh Ben Israel | |
| Statsborgarskap | Dei sameinte Nederlanda, Kongedømet Portugal |
| Fødd | 1604 Madeira øy, Lisboa, La Rochelle |
| Død |
20. november 1657 (53 år) |
| Yrke | filosof, forleggjar, skribent, rabbinar, diplomat, trykker |
| Språk | hebraisk, latin, spansk |
| Religion | jødedom |
| Menasseh Ben Israel på Commons | |
Menasseh Ben Israel (1604–20. november 1657) var ein sefardisk rabbinar, forskar, skribent, diplomat, boktrykkjar og utgjevar; grunnleggjar av det første hebraiske boktrykkjeriet i Amsterdam i 1626.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Manoel Dias Soeyro, som var namnet han voks opp med, vart fødd på Madeira i 1604, året etter at foreldra hans flykta frå Portugal på grunn av Inkvisisjonen. Familien flytte til Nederland i 1610. Nederland var på denne tida midt i åttiårskrigen (1568–1648) — ein krig som i stor grad dreidde seg om religiøst opprør. Familien kom dit under våpenkvila som Frankrike og England hadde mekla fram i Haag.
Menasseh Ben Israel var ein ven av Rembrandt.
Menasseh er særleg kjend for petisjonsbrevet sitt åt Oliver Cromwell og Det britiske parlamentet for å gjera om dei tidlegare engelske herskarane sine vedtak og lata jødane flytte attende til England. Petisjonen førte fram, og det voks gradvis fram ein jødisk busetnad i Storbritannia frå da av.
Menasseh ben Israel døydde i Middelburg i Nederland hausten 1657, kort etter heimkomsten frå England.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- England related articles in the Jewish Encyclopedia Arkivert 2011-09-26 ved Wayback Machine.
- Digital samling av bøker og brev i samband med Menasseh Ben Israel