Michael Haydn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Haydn
Michaelhaydn1.jpg
Fødd 14. september 1737
Rohrau
Død

10. august 1806
Salzburg

Michael Haydn på Commons

Johann Michael Haydn (14. september 173710. august 1806) var ein austerriksk komponist under wienerklassisismen. Han var kjend som Michael Haydn, og var ein yngre bror av Joseph Haydn.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Michael Haydn var fødd i Rohrau i Niederösterreich. Far hans, Mathias Haydn, var hjulmakar og landsbyen sin Marktrichter (ein borgarmeisterliknande funksjon). Mora Maria Kollar hadde tidlegare arbeidd som kokke ved slottet til grev Harrach, aristokraten i Rohrau. Mathias var ein entusiastisk folkemusikar som hadde lært seg å spele harpe, og han sørgde for at borna lærde seg å synge.

Som den meir kjende broren sin Joseph var Michael korgut i Stefansdomen i Wien. Etter korskulen vart han først fiolinist og i 1760 kapellmeister hos biskopen i Oradea. Michael Haydn skreiv i 1763 ein hornkornsert som skapte merksemd i Wien, og erkebiskopen i Salzburg utnemnde han 14. august same år til Hofmusicus und Concertmeister. Seinare vart han i tillegg organist ved Trefoldighetskyrkja, og tilslutt òg for domkyrkja. Michael Haydn var 43 år i Salzburg og i denne tida skreiv han 360 verdslege og kyrkjemusikalske verk. Han var ven av Mozart, og dei to hadde gjensidig respekt for kvarandre sine komposisjonar. Carl Maria von Weber og Anton Diabelli var elevar av Michael Haydn.

Michael og Joseph var heile livet nært knytt til kvarandre. Joseph heldt komposisjonane til Michael høgt og meinte at kyrkjemusikken hans var betre enn sin eigen.[1]

Michael Haydn døydde i Salzburg 68 år gammal, og som Mozart utan å få fullført det siste rekviemet sitt. Han vart bisett på Petersfriedhof. I høve ein regelmessig sanering av graver fekk enka til Michael tak i kraniet til den avlidne mannen sin. Dette hadde ho ståande ved senga si, og etter ho døydde vart det oppbevart i ei urne ved gravstøtta til Haydn. I dag vert kraniet til Michael Haydn oppbevart i ein safe i St. Peterskyrkja i Salzburg.

Verk[endre | endre wikiteksten]

St. Peterskyrkja i Salzburg

Michael Haydn katalogiserte aldri verka sine sjølv, men sidan han nestan alltid daterte manuskripta er arbeidet relativt enkelt[2].

Kyrkjemusikken hans vert rekna som viktigast, til dømes påverka Requiem pro defuncto Archiepiscopo Sigismundo (Rekviem for erkebiskop Siegmunds død) i c-moll Mozarts Rekviem. Men han komponerte òg mykje verdsleg musikk: 40 symfoniar og partitaer, ei rekkje concertoar, kammermusikk inkludert ein strykekvintett i C-dur som ein ein gong trudde var av Joseph Haydn.

Michael Haydn sin Symfoni nr. 25 vart tidlegare halden for å vere Mozart sin 37. symfoni (K. 444) fordi det eksisterte ein autograf der opningssatsen var i handskrifta til Mozart, og resten i ein annan si. Ein reknar no med at Mozart av ukjende grunnar hadde komponert den nye langsame opningssatsen. Som Mozartsymfoni vart stykka oppført ganske ofte, men atskilleg sjeldnare etter at ein i 1907 oppdaga at han var av Michael Haydn.

I det heile vart fleire av verka til Mozart påverka av Michael Haydn. Eit døme er Te Deum som Mozart følgde ganske tett i K. 141.[3] Eit anna er finalen i symfoni nr. 23 av Haydn som påverka finalen av Mozart sin strykekvartett nr 14 i G-dur K. 387.

I katolske messar vert Deutsches Hochamt mykje sunge. Elles blir Michael Haydn rekna som ein viktig grunnleggjar av mannskor.

Ein grunn til at Michael er mykje mindre kjent enn Joseph er at ingen av verka til Michael vart publisert i levetida hans, men stort sett vandra mellom klostera i form av handskrivne kopiar.

Størstedelen av verka til Michael Haydn er enno stort sett ukjent for publikum og berre ventar på å bli oppdaga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rosa 1997, 366.
  2. H. C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. London: Universal Edition & Rockliff (1955): "Michael … dated his manuscripts with a most satisfying exactitude."
  3. Max Kenyon, Mozart in Salzburg: A Study and Guide. New York: G. P. Putnam's Sons: 44

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Michael Haydn
Noter