Michael Prahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Michael Prahl
Fødd 26. januar 1781
Haus
Død

22. mai 1851
Bergen

Yrke forretningsdrivande, godseigar, politikar

Michael Djurhus Prahl (26. januar 178122. mai 1851) var ein kjøpmann, proprietær og stortingsmann frå Haus i Hordaland. Han var far til Ferdinand Prahl.

Folketeljinga frå 1801 viser at Prahl var «Kiøbmands karl» i Bergen og losjerte hos kjøpmann Hendrich Jansen Fasmer. Frå 1806 var Prahl kjøpmann i Bergen, då han vart eigar av firmaet J. H. Fasmer & Søn. Han skaffa seg mykje jordegods i bygdene i Midthordland, samt handelsstaden Glesvær i Sund. I fleire år var han medlem av formannskapet i Bergen.

Prahl var 1. representant frå Bergen på Stortinget i 1818. Han var medlem av 13 komitear. Mellom anna var han medlem av komiteen om bank- og pengestellet, samt av budsjettkomiteen.

Han døydde i Bergen i 1851.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]