Mikkel Diskerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikkel Diskerud
Personleg informasjon
Fullt namn Mikkel «Mix» Morgenstar Pålssønn Diskerud
Kallenamn Mix
Fødd 2. oktober 1990
Fødestad Oslo
Høgd 184 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Rosenborg
Nummer 42
Ungdomsklubbar
-2005
2005-08
Noreg Frigg
Noreg Stabæk
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2008-12
2012
2012-2014
Noreg Stabæk
Belgia Gent (lån)
Noreg Rosenborg
81 (10)
6 (0)
59 (5)
Landslag
2012
2010-
USA USA U23
USA USA
4 (1)
18 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. januar 2015
‡ Landslagsmål oppdatert 29. mars 2014

Mikkel «Mix» Morgenstar Pålssønn Diskerud (fødd 2. oktober 1990 i Oslo) er ein norsk fotballspelar med amerikansk familiebakgrunn. I 2014 spelar han for Rosenborg og for det amerikanske fotballandslaget. Han debuterte for seniorlaget til Stabæk i Tippeligaen i 2008, og blei seriemeister med same laget same året. Internasjonalt har han spelt både for norske og amerikanske ungdomslandslag, i tillegg til det amerikanske A-landslaget.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Diskerud starta karrieren i Frigg,[1] og blei oppdaga av Stabæk under ei turnering i Oslo.[2] Han blei henta til G15 Elite-laget deira i 2005, og bytte skule frå Oslo Handelsgymnasium til Norges Toppidrettsgymnas i 2007.[1] I 2006 spelte han regelmessig for Stabæk sitt andrelag,[3] i 2.divisjon. I 2008 hjelpte han òg klubben sitt juniorlag med å vinne Noregsmeisterskapen for junior.[4]

Han debuterte for A-laget i 2008 og fekk NFF sin pokal for 2. plass i senior-NM same året. Under La Manga Cup i 2009 skåra han etter to minutt i den første kampen sin det året han blei profesjonell spelar.[5] Han kom òg inn som innbyttar under Superfinalen 2009 og vann mot Vålerenga, éi veke før seriestart.[6] Han starta opningskampen på benken, men i den andre kampen mot Brann, fekk han Tippeliga-debuten sin for Stabæk sitt A-lag. Han kom inn som innbyttar ti minutt før full tid, og i det 84. minutt utlikna han for Stabæk. Kampen enda 1–1.[7] Ingen Stabæk-spelarar har før skåra så raskt etter Tippeliga/Eliteserie-debuten sin, og Diskerud sletta med dette den førre rekorden, som Martin Andresen hadde.

Diskerud signerte for Rosenborg 9. august 2012.[8]

Internasjonal karriere[endre | endre wikiteksten]

Diskerud har amerikansk mor og kunne derfor velja å representera både Noreg og USA.[2] I april 2008 spelte han ei turnering for det amerikanske U20-landslaget,[9] der han hadde tre assists mot Nord-Irland.[10] Allereie ein månad seinare spelte han for det norske U18-landslaget mot USA.[11] I 2009 spelte han for det norske U19-landslaget.[12] I juni 2009 spelte han igjen for det VM-klare, amerikanske U-20-laget mot Egypt i Alexandria. Han skåra det einaste målet i kampen og fekk tittelen "Man of the Match" frå egyptisk TV (Nile Sports and Nile Tv). Han spelte den første europacupkampen sin for klubblag 15. juli 2009 som 18-åring i 2. runde av Champions League for Stabæk mot Tirana i Albania. Han tok del i U-20-VM i Egypt for USA i kampane mot Tyskland og Sør-Korea.

17. november 2010 spelte han sin første landskamp for USA sitt A-landslag i Nelson Mandela Challenge Cup i Cape Town Stadium mot Sør-Afrika og spelte der fram den målgivande pasninga til den einastse skåringa i kampen, av Juan Agudelo, som med dette blei USA sin yngste målskårar i ein A-landskamp nokonsinne.

I 2014 vart han tatt ut i USA sin tropp til fotball-VM i Brasil, der han var unytta reserve.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tveit, Morten (23. april 2008). «Mikkel Diskerud på landslaget». Stabæk Fotball. Henta 23. mars 2009. 
  2. 2,0 2,1 Vik, Marius (6. februar 2009). «Stortalent kan droppe Norge». Budstikka. Henta 23. mars 2009. 
  3. Øen, Sindre (10. juni 2006). «Stabæk 2 stjal poeng». Budstikka. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 23. mars 2009. 
  4. «Stabæk norgesmestere». Budstikka. 1. november 2008. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 23. mars 2009. 
  5. Strømnes, Andre (2. februar 2009). «Diskerud helt i skyene». Budstikka. Arkivert frå originalen 6. februar 2009. Henta 23. mars 2009. 
  6. Lyngøy, Roar (8. mars 2009). «- Ordentlig klønete. Urutinert.». Dagbladet. Henta 23. mars 2009. 
  7. Hoff, Jørgen Bohnhorst (22. mars 2009). «Sjokkert Stabæk-helt». Bergens Tidende. Henta 23. mars 2009. 
  8. RBK.no – Det var et enkelt valg Arkivert 2012-08-27 ved Wayback Machine. (Av Jørgen Stenseth. Publisert og besøkt 9. august 2012)
  9. Dale, Richard Sveaas (18. april 2008). «Suksess for Diskerud». Budstikka. Arkivert frå originalen 22. april 2008. Henta 23. mars 2009. 
  10. «U.S. Under-20 MNT Evens Record at Campos Verde International With 3-0 Win Over Northern Ireland». United States Soccer Federation. 16. april 2008. Arkivert frå originalen 7. mars 2009. Henta 23. mars 2009. 
  11. Aas, Erlend M. (21. mai 2008). «Berget senket USA». Norges Fotballforbund. Henta 23. mars 2009. 
  12. Madsen, Christer (11. mars 2009). «- Vi er i rute til EM-mellomspillet». Norges Fotballforbund. Henta 23. mars 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]