Jürgen Klinsmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jürgen Klinsmann
Trainer Klinsmann.JPG
Fødd 30. juli 1964
Göppingen

Jürgen Klinsmann (fødd 30. juli 1964) er ein tysk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Göppingen.

Klinsmann spelte på det vesttyske/tyske fotballandslaget frå 1987 til 1998, og vart verdsmeister i 1990 og europameister i 1996 med høvesvis Vest-Tyskland og Tyskland. To gongar vart han kåra til året fotballspelar i Tyskland, og i 1995 i England. Han var aktiv både i Vest-Tyskland/Tyskland, Italia, Frankrike, England og i USA. To gongar var han med på å vinne UEFA-cupen, med Inter i 1991 og Bayern München i 1996.

I 2004 vart Klinsmann tilsett som landslagssjef i Tyskland, og leia laget til VM-bronse under fotball-VM 2006 på heimegunn. Etter meisterskapen flytta han til USA der han dreiv eige firma.

Frå juli 2008 til april 2009 var han sjefstrenar i Bayern München. Sommaren 2011 tok han over sjefsrolla for USA sitt landslag etter Bob Bradley.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]