Mimouna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tradisjonell mimouna-oppdekking med mat og symbol knytte til høgtida. Pannekaka i midten heiter mufleta.

Mimouna (hebr. מימונה, ar. ميمونة) er ei høgtid feira ved slutten av pesah av sefardiske jødar. Ho markerer at ein igjen kan eta chametz, som vanlege brød, noko som er forbode under pesah.

Høgtida stammar frå Marokko, men blir også markert i Israel og andre stader blant jødar av nordafrikansk opphav. Ho tek til ved solnedgang siste dagen av pesah, typisk med festar der ein et tradisjonell søtmat, som pannekaka mufleta og pitabrød dyppa i honning, og gjerne også brennevinet arak. Ein pynter ofte med lykkebringande symbol, ofte i grupper av fem, som fem gullsmykke, eller fem bønner på ei småkake.[1] Mange sefardiske synagogar opnar like etter midnatt og ein les frå Høgsongen og dansar.[2]

Mimouna blei offentleg høgtidsdag i Israel i 1966, og blir ofte markert med grillfestar og landturar.[3] Denne dagen er det også vanleg for politikarar å møta veljarar og be om støtte.[1]

Opphavet til namnet mimouna er ukjend, men er blitt knytt til Maimon, far til Maimonides (Rambam), som skal ha blitt fødd eller ha døydd på denne dagen.[4] Både Maimon og mimouna er knytt til Fez i Marokko.[5] Det kan stamma frå det arabiske ordet for lukke.[6] Namnet på høgtida er også blitt knytt til mammon, rikdom, og enumah, tru.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Lady Luck» i Ha'aretz av Yigal Bin-Nun
  2. Sephardic Traditions at the Passover Seder av Barbara Aiello i jewishmag.com
  3. [http://www.jafi.org.il/education/festivls/pesach/mimouna.html The Jewish Agency for Israel - Explanation of Mimouna
  4. Mimouna - A Jewish-Moroccan Festival in Israel, Mimouna: Tirvahu va tisadu ved Mideast Youth
  5. 5,0 5,1 Christian Roy, Traditional festivals
  6. jewishagency.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]