Piknik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Le goûter sur l'herbe (1892) av Maurice Réalier-Dumas.
Piknik i graset i 2007.
Foto: Jakob Rask
Piknik i Lysekil i 1880-åra.
Foto: Carl Curman

Piknik viser til eit måltid ete ute i det fri som del av ei utflukt. Ved ein piknik tek ein med mat og eventuelt tilbehøyr som glas, tallerkar, duk og noko å sitja på til piknikstaden. Maten er som regel tillaga på førehand, men tillaginga kan også vera ein del av pikniken. Piknikar kan haldast av par, små grupper av venner eller familie, eller dei kan vera større tilstellingar for fleire menneske.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «piknik» kjem frå engelsk picnic, som igjen kjem frå fransk pique-nique, som er nemnd i 1692-utgåva av Origines de la Langue Française som eit relativt nytt ord. Opphavet til ordet er uklart - det kan vera danna av piquer, 'plukka' og nique, 'uviktig ting', men kan like gjerne vera noko anna, med lydrimet i ordet som det viktigaste.[1]

Ordet viste opphavleg til samankome der kvar deltakar betalte for seg eller tok med seg ein rett, men har seinare fått den noverande tydinga om fellesmåltid utandørs.[2] Tidleg på 1800-talet blei Picnic Society skipa i London som ein klubb der kvar av medlemmane skulle bidra med mat eller drikke og eit stykke underhaldning.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon frå Le Livre de chasse de Gaston Phébus ('Jaktboka til Gaston Phebus') frå 1400-talet.
Le repas de chasse ('Jaktmåltidet', 1723) av François Lemoyne med mat på ein kvit duk.

Pikniken har sidan byrjinga hatt eit festleg eller fasjonabelt rykte[1] - det viser som regel ikkje til måltid under ein pause i utandørs arbeid, men til fritidsmåltid, til dømes under jaktutflukter eller for å nyta naturen.

Etter den franske revolusjonen i 1789 blei tidlegare kongelege parkar og skogar allemannseige, og kunne brukast til piknikar.[3] Ei revolusjonsfeiring skipa av Jacques-Louis David den 10. august 1793 - til ære for den nye grunnlova i landet og årsdagen for avskaffinga av monarkiet - enda med ein stor piknik på Champ de Mars.[4] Det er framleis vanleg å feira Bastilledagen med ein piknik i parken. [5]

I Storbritannia var det opphavleg dei rike som hadde piknik. Dei kunne ha overdådige måltid utandøes med møblar og alt tilbehøyr, servert av tenarar i uniform. Ei ferdig tillaga korg med mat blei også vanleg, og kunne til dømes kjøpast frå Fortnum & Mason's.[6] Piknikar blei etterkvart vanlege blant middelklassen, noko Mrs Beeton's Book of Household Management (1861) med ei oppskrift på ein piknik for førti personar ber vitne om. Seinare blei piknikar assossierte med bilturar.[7]

Pikniken breidde seg etterkvart til fleire land og samfunnslag. Skikken blei skildra i bilete og tekstar frå 1830-åra av i USA, ofte som ein ny ting. På 1870-talet var det blitt vanleg for ulike lag, sundagsskular og liknande å halda kommunale piknikar.[8] Offentlege parkar fekk eigne piknikområde, og det blei laga til spesielle pikniklundar (picnic groves) på sceniske stader.[9] Det blei vanleg å ha piknikar i samband med den amerikanske sjølvstendedagen 4. juli.[10][11]

Det at pikniken blei så populær på 1800-talet er blitt forklart med at han gav løyve til grenseoverskridande oppførsel som nyting og flørting i ei tid med strenge sosiale reglar.[12] Seint på 1900-talet fann det stad ein piknik som bokstaveleg talt gjekk over grensa. Den såkalla paneuropeiske pikniken blei halden på grensa mellom Ungarn og Austerrike den 19. august 1989, etterfølgd av ei kortvarig opning av grensa. Dette var ein del av hendingane som førte til opninga av Berlinmuren og gjenforeininga av Tyskland.

Innhald og utstyr[endre | endre wikiteksten]

Tre britiske sjøfolk ber piknikutstyr - ei korg og ein kjele - i land på Imbros under slaget ved Gallipoli i 1915.

Mat og utstyr som kan transporterast er viktig ved ein piknik. Ulike kulturar har sine piknikmattradisjonar, sjølv om einkvar står fritt til å velja nøyaktig kva ein vil ha med seg på ein piknik.[6]

I fransk tradisjon kan ein til dømes ha med bagett, ost og eventuelt charcuterie.[3]

Engelske piknikar i viktoriatida kunne innehalda paiar, kaldt oppskore kjøt, ost, brød, fruktkake og scotch egg, eit kokt egg der skalet er blitt bytta ut med ei tjukk skorpe. Paiar som innbakt pork pie og scotch egg er framleis typiske piknikrettar.[6]

Til å ta med seg maten og eventuelt utstyr kan ein bruka ei piknikkorg. Desse finst spesielt utstyrt med lok og eventuelt lommar til ting som flasker og bestikk.

Ein duk eller teppe til å ha maten og eventuelt sitja på er også vanleg utstyr. Elles kan ein også ha med møblar, eller bruka piknikbord og sete som er sett opp til føremålet.

I tillegg til måltid og samtale kan ein ha musikk, sport og spel ved ein piknik. Større piknikar kan kombinerast med ulike former for underhaldning, og i nokre høve vera reine festivalar. Nokre årvisse piknikar er Picnic Day i Northern Territory i Australia, Bud Billiken Parade and Picnic i Chicago og ulike musikkfestivalar.

Piknik i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

The Pic-Nic (1846) av Thomas Cole.

Piknikar er eit ynda motiv i biletkunst, med avbildingar av utandørs jaktmåltid frå mellomalderen av. Den såkalla fête galante, ein elegant fest utandørs, var eit ynda motiv for målarar som Antoine Watteau frå rundt 1700.

På 1800-talet var romantiske strømningar viktige både i synet på piknikar og avbildinga av dei. Pittoreske eller historiske stader som skogar, høgder, vassdrag, slott eller kyrkjer var ynda mål.[13] I ei tidleg amerikansk avbilding av ein piknik, A Pic-Nic Party av Thomas Cole frå 1846,[14] er ei gruppe samla i ein skog i Hudson Valley med utsyn over eit vatn og Catskills-fjella i det fjerne.

Eit anna kjend måleri av ein piknik er Le déjeuner sur l'herbe (kjend som 'Frokost i det grønne' på norsk) av Édouard Manet frå 1862. Bildet viser to velkledde menn saman med ei naken kvinne, med ei badande kvinne i bakgrunnen. Ei korg, frukter, brød, ei velta flaske og blomar ligg i framgrunnen. Måleriet var svært omdiskutert og har inspirert andre kunstnarar, som Claude Monet og Pablo Picasso, og ein film med same tittel av Jean Renoir.

Medan Manet sitt piknikmåleri kan seiast å vera eit startskot for moderne kunst.[15] Eit par år seinare laga Claude Monet eit måleri med same tittel som kan seiast å vera ein forløpar for impresjonismen.[16]

I det populære bildet The Derby Day (1856–8) av William Powell Frith, som viser ei folkemengd i samband med eit hesteveddeløp, er tillaginga av ein piknik på ein duk ein framtredande del av hendinga.[17] Holyday av James Tissot frå rundt 1876 viser ein avslappa piknik rundt ein dam, men blei av ein del kritikarar rekna som vulgært fordi det viste open flørting.[18]

Litteratur og film[endre | endre wikiteksten]

Piknikscene i filmen Treno populare frå 1933.

Etterkvart som piknikar blei meir utbreidde, er dei blitt skildra i ei rekkje bøker og filmar. I Emma av Jane Austen er ein pikniktur til Box Hill ei skuffande hending dom viser fram personlegdommen til fleire av deltakarane.[19] Viktorianske forfattarar som Charles Dickens og Anthony Trollope skreiv om fleire piknikar.[6] Også Sankt Hans fest av Alexander Kielland byrjer med ein idé om ein piknik: «De skulde tage hele Familien med, gaa ud i Paradis, sætte sig i Lyngen, synge og spise haardkogte Æg, – saaledes som de gjør i andre Lande.»[20]

Little Women (Småfrøkner) av Louisa May Alcott inneheld eit piknikselskap som deltakarane ror til der det er sett opp eit telt og førebudd ein krokketbane. Selskapet speler fleire spel og snakker saman før det dreg heim når sola går ned.[21]

Piknikar går att i barnebøker som The Wind in the Willows (Det suser i sivet) av Kenneth Grahame, som byrjer med ein båtturpiknik. Enid Blyton sine bøker om The Famous Five (Fem-gjengen) er berømte for dei mange piknikane sine.[22][23]

Pikniken som ei sentral sosial hending er spegla i titlar som The Picnic (1937) av Martin Boyd, Fourth of July Picnic av Rex Stout og Picnic Races (1962) av Dymphna Cusack.

Skodespelet Pique-nique en campagne av Fernando Arrabal frå 1959 set den fredsomme pikniken opp mot krig og vald i det ein soldat, foreldra hans og ein fiendtleg soldat har piknik saman på slagmarka.[24]

Romanen Piknik ved veikanten (Пикник на обочине, Piknik na obotsjine) av Arkadij og Boris Strugatskij frå 1972 er ei science fiction-bok som tek for seg ei reise til ei sone der romvesen har lagt att underlege eigenskaper, kanskje slik piknik-gåarar kan leggja att søppel som forvirrer det lokale dyrelivet.[25] Boka blei filmatisert som Stalker (russisk Сталкер) i 1979.

Skodespelet Picnic av William Inge frå 1953 føregår rundt ein Labor Day-piknik. Det pulitzerprisvinnande spelet blei filmatisert som Picnic i 1955, som vann fleire oscarprisar, og opp att i 1986 og 2000.

Le Déjeuner sur l'herbe (1959, engelsk tittel Picnic on the Grass) er ein film regissert av Jean Renoir, inspirert av bildet av same namn av Édouard Manet og av faren Auguste Renoir sine impresjonistiske bilde.[26]

The Office Picnic (1972) er ein australsk satire over ein statleg etat som dreg på piknik i bushen. Det blei skrive og produsert av Tom Cowan, who is now famous for his work on the series Survivor.

Boka Picnic at Hanging Rock (1967) av Joan Lindsay og filmatiseringa frå 1975 regissert av Peter Weir tek for seg mystiske forsvinningar under ei utferd til fjellformasjonen Hanging Rock i 1900.

Britiske Bhaji on the Beach (1993, kalla Picknick on the Beach i Tyskland) tek for seg ni indisk-britiske kvinner i ulike aldrar som flykter frå dagleglivet til badebyen Blackpool.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Kris Kristofferson og Rita Coolidge under Dripping Springs reunion i 1972, forløparen for Willie Nelson's 4th of July picnic.

Eit musikkstykke av John William Bratton frå 1906 kalla «The Teddy Bear Two Step» er seinare blitt kjend som «Teddy Bears' Picnic», først i ein instrumentalversjon framført av Arthur Pryor Band. I 1932 la den irske låtskrivaren Jimmy Kennedy til ord, og songen blei svært populær.

«Stone Soul Picnic» av Laura Nyro frå 1968 er blitt spelt inn av fleire andre artistar, og var ein hitt for gruppa The 5th Dimension.

«Picnic By The Motorway» er ein song av Suede frå 1996.[27]

«Malcolm's X-Ray Picnic» er ein singel av indie-popgruppa Number One Cup frå 1997.

Fleire musikkfestivalar har «piknik» i namnet sitt, som Piknik Afisji (Пикник «Афиши») i Moskva og Willie Nelson's 4th of July picnic.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «picnic, n., adj., and adv.», OED Online, Oxford University Press, Desember 2016, http://www.oed.com/view/Entry/143450?isAdvanced=false&result=1&rskey=5wcP1T& 
  2. Pique-nique, cnrtl.fr
  3. 3,0 3,1 «The Perfect Picnic in Paris», girlsguidetoparis.com, 2014, https://girlsguidetoparis.com/perfect-picnic-paris/, henta 28. januar 2017 
  4. Hugh Gough (2010), The Terror in the French Revolution 
  5. Bastille Day in France, French-Property.com, https://www.french-property.com/reference/french_public_holidays/bastille-day/ 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Anna-Louise Taylor (24. mai 2013), «Perfect picnic: How to pack the perfect one», BBC Food, http://www.bbc.co.uk/food/0/22515044 
  7. Anna-Louise Taylor (24. mai 2013), Perfect picnic: How to pack the perfect one, , BBC Food, http://www.bbc.co.uk/food/0/22515044 
  8. Hern 1989, s. 141.
  9. Hern 1989, s. 144-5.
  10. THE ARTIST AND HER FAMILY AT A FOURTH OF JULY PICNIC CA. 1864, nmwa.org, https://nmwa.org/works/artist-and-her-family-fourth-july-picnic, henta 28. januar 2017 
  11. About the 4th of July Picni, 4thofjulykeywest.com, http://www.4thofjulykeywest.com/about-picnic, henta 28. januar 2017 
  12. Hern 1989, s. 146.
  13. Hern 1989, s. 142.
  14. A Pic-Nic Party, Brooklyn Museum, https://www.brooklynmuseum.org/opencollection/objects/1356 ; Hern, Mary Ellen W. (Summer–Autumn 1989). «Picnicking in the Northeastern United States, 1840-1900». Winterthur Portfolio 24.2/3: 139–152 (Fig. 1). 
  15. http://www.musee-orsay.fr/index.php?id=851&L=1&tx_commentaire_pi1[showUid]=7123
  16. Jonathan Jones (21. august 2014), «The top 10 picnics in art», The Guardian, https://www.theguardian.com/artanddesign/jonathanjonesblog/2014/aug/21/top-10-picnics-art-manet-monet-matisse-titian 
  17. Frances Fowle; Robert Upstone (2001), William Powell Frith - The Derby Day - 1856–8, tate.org, http://www.tate.org.uk/art/artworks/frith-the-derby-day-n00615 
  18. , tate.org, 2007, http://www.tate.org.uk/art/artworks/tissot-holyday-n04413 title=James Tissot - Holyday - c.1876 
  19. «Emma by Jane Austen - Project Gutenberg». Gutenberg.net. 1994-08-01. http://gutenberg.net/etext/158. Henta 2009-12-07. 
  20. Sankt Hans Fest av Alexander L. Kielland, bokselskap.no url=http://www.bokselskap.no/boker/sankthansfest/i 
  21. LITTLE WOMEN CHAPTER 12 SUMMARY, shmoop.com, http://www.shmoop.com/little-women/chapter-12-summary.html 
  22. «Jane Brocket's top 10 food scenes in children's literature», The Guardian, https://www.theguardian.com/books/top10s/index/0,,2290902,00.html 
  23. Caroline Craig; Sophie Missing (19. april 2015), Packed lunch ideas from famous fictitious dishes, https://www.theguardian.com/lifeandstyle/2015/apr/19/packed-lunch-ideas-famous-fictitious-dishes 
  24. «Fernando Arrabal», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 20. juli 1998, https://www.britannica.com/biography/Fernando-Arrabal ; «« PIQUE-NIQUE EN CAMPAGNE » d’ARRABAL « Théâtre de la Grille Verte » et « Café de la Gare » Paris», laregledujeu.org, 4. april 2015, http://laregledujeu.org/arrabal/2015/04/04/5306/pique-nique-en-campagne-darrabal-theatre-de-la-grille-verte-et-cafe-de-la-gare-paris/ 
  25. Annalee Newitz (5/09/12), A New Translation of The One Russian Science Fiction Novel You Absolutely Must Read, http://io9.gizmodo.com/5908702/a-new-translation-of-the-one-russian-science-fiction-novel-you-absolutely-must-read 
  26. Hal Erickson, «Le Dejeuner sur l'Herbe (1959) - Jean Renoir», AllMovie 
  27. Neil (16. oktober 2014), SUEDE - PICNIC BY THE MOTORWAY, http://www.recordrewindplay.co.uk/tracks/suede-picnic-by-the-motorway/