Kleptokrati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kleptokrati (av gresk kleptein «stela» og kratia «makt», «styre») er ei nemning for eit styresett so korrupt at ho ikkje ein gong held ein fasade av ærlegdom. Den personen eller den gruppa som på autoritær vis held makta i ein sovoren stat kallar me kleptokrat(ar). Kleptokratar er sermerkte ved at dei forsyner seg uavgrensa frå statskassa, og fyller på ved å tyngja undersåttane med høge skattar. Kleptokrati har me gjerne sett i tidlegare koloniar som er vortne sjølvstendige, der det ikkje har funnest noko velvakse sivilt samfunn, og presidenten har vorte den eine dominerande makta i heile samfunnet. Soleis har denne eine allmektige personen kunna fara fram med landet sitt som han sjølv har vilja. Men, kleptokrati kan òg finnast andre stader, i autoritære eller totalitære statar, der makta er samla på få hender. Kleptokratar tek gjerne i bruk kvitvasking av pengar eller set pengane i anonyme bankkonti i utlandet for å taka vare på dei ulovlege innkomene sine.

Ti på topp kleptokratar[endre | endre wikiteksten]

2004 ålmenta Transparency International ei lista over dei statsleiarane som har teke til seg mest statlege midlar i moderne tid. Rada opp etter stolne summar:

  1. Suharto, Indonesia, 15–35 milliardar amerikanske dollar
  2. Ferdinand Marcos, Filippinane, 5–10 milliardar
  3. Mobutu Sese Seko, Zaire, 5 milliardar
  4. Sani Abacha, Nigeria, 2–5 milliardar
  5. Slobodan Milosevic, Jugoslavia, 1 milliard
  6. Jean-Claude Duvalier, Haiti, 300–800 millionar
  7. Alberto Fujimori, Peru, 600 millionar
  8. Pavlo Lazarenko, Ukraina, 114–200 millionar
  9. Arnoldo Alemán, Nicaragua, 100 millonar
  10. Joseph Estrada, Filippinane, 78–80 millionar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]