Hopp til innhald

Monrad Norderval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monrad Norderval
StatsborgarskapNoreg
Fødd28. januar 1902
Ålesund kommune
Død

24. desember 1976 (74 år)
Ålesund kommune

Yrkeluthersk prest
VervBiskop av Nord-Hålogaland
Periode1962-1972
FøregangarAlf Kristian Theodor Wiig
EtterfylgjarKristen Kyrre Bremer
Medlem avStefanusalliansen[*]
ReligionDen evangelisk-lutherske kyrkja

Monrad Oskar Norderval (fødd 28. januar 1902 i Ålesund, død 24. desember 1976) var ein norsk teolog og forfattar. Han gjekk under tilnamnet «ishavspresten» fordi han hadde vore med ei ishavsskute på selfangst. Han vart cand.theol. ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo i 1928. Norderval tok praktisk teologisk eksamen same stad i 1929. Eksamen i samisk tok han ved Universitetet i Oslo 1930. Han var ordinert til prest i Tromsø domkyrkje 27. juni 1929 av biskop Eivind Berggrav.

Norderval var biskop i Nord-Hålogaland bispedømme frå 1962 til 1972. Før det var han hjelpeprest i Skjervøy 1929, sokneprest i Tana 1929-1935, sokneprest i Ørsta 1935-1948 og sokneprest i Ålesund 1948-1961.

Norderval hadde eit sterkt engasjement for kristne som vart forfylgde. Han var ein av stiftarane av Misjon bak Jernteppet. Han var første formannen i denne organisasjonen.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Himmel og hav (1948), (dikt)
  • Fangstmenn på de to hav (1957)
  • Mannen og båten (1958)
  • På bølge 2,4 (1959)
  • Guds flammekastere (1961)
  • Slegge og ambolt (1962)
  • Den veldige veien (1964)
  • Sangen i Eliat (1967)
  • Fyret og seileren (1967)
  • Det gode tilbudet (1971)
  • Av sjømannsblod (1972)
  • I det hyggelige hjørne (1973)
  • Kommandobru eller prestesliperi (1974)
  • Vulkansk jord (1976)

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]