Hopp til innhald

Tromsø domkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tromsø domkyrkje
domkyrkje
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Tromsø domprosti
Periode Nygotikk
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Material tre
Innvigd 1861
Tårn Ved inngangen
Kyrkjegard I kyrkjeparken
Sitjeplassar 600
Kart
Tromsø domkyrkje
69°38′56″N 18°57′25″E / 69.64877°N 18.95682°E / 69.64877; 18.95682
Wikimedia Commons: Tromsø domkirke

Tromsø domkyrkje er ei domkyrkje i Den norske kyrkja som ligg i Tromsø. Domkyrkja er soknekyrkja for Tromsø Domkyrkjes sokn. Ho er òg hovudsete for Tromsø domprosti og Nord-Hålogaland bispedømme. Denne domkyrkja er særleg merksemdsverdig fordi ho er den einaste norske protestantiske domkyrkja som er bygd i tre.[1][2][3]

Den gule trekyrkja vart bygd i langkyrkjeformat og i nygotisk stil i 1861 av arkitekten Christian Heinrich Grosch. Kyrkjetårnet og hovudinngangen ligg i vest. Ho er truleg den nordlegaste protestantiske domkyrkja i verda. Med over 600 sitjeplassar er ho ei av dei mest markante trekyrkjene i Noreg. Ho hadde opphavleg om lag 984 sitjeplassar, men mange benkar og stolar er blitt fjerna gjennom åra for å gi plass til bord bakerst i kyrkja.[4][5]

Byggverket vart fullført i 1861 etter at bispedømet vart oppretta i 1844. Christian Heinrich Grosch var arkitekt. Det vart bygd med lafteteknikk. Kyrkja ligg midt i Tromsø by på ein stad der det truleg har stått ei kyrkje sidan 1200-talet.[5][6]

Den første kyrkja i Tromsø vart bygd i 1252 av kong Håkon IV som ei kongeleg kapellkyrkje. Ho høyrde difor til kongen, ikkje til den katolske kyrkja. Denne kyrkja er omtala fleire gonger i mellomalderen som «St. Maria nær heidningane» (Sanctae Mariae juxta Pagano).[4]

Lite er kjent om dei tidlegare kyrkjene på staden, men i 1711 vart ei ny kyrkje bygd her. Ho vart erstatta i 1803. Kyrkja frå 1803 vart flytta ut av byen i 1860 for å gi plass til dagens domkyrkje. Ho vart flytta til eit område nokre hundre meter sør for bygrensa, og tidleg på 1970-talet vart ho flytta på nytt til dagens Elverhøy kyrkje oppe i åsen. Denne kyrkja står framleis, og fleire kunstverk frå mellomalderen som tidlegare har pryda kyrkjene i Tromsø, er oppbevarte der, mellom anna ei Madonna-figur, truleg frå 1400-talet.[5]

Dagens domkyrkje vart vigsla 1. desember 1861 av biskop Carl Peter Essendrop. I 1862 vart kyrkjetårnet ferdigstilt og klokka installert. Alt interiør og all utsmykking vart laga på 1880-talet. Domkyrkja kosta om lag 10 000 spesidalar å byggje.[5]

Interiøret er dominert av altaret med ei kopi av måleriet «Oppstandelsen» av kunstnaren Adolph Tidemand; originalen finst i Bragernes kyrkje i Drammen. Under måleriet står eit sitat frå Johannesevangeliet på norsk som betyr «Eg er oppstoda og livet». Altaroppsatsen vart fullført i 1884 av Christian Brun. Glasmaleria fremst i kyrkja, teikna av Gustav Vigeland, vart installerte i 1960.[5][7]

Domkyrkja har to orgel. Det nyaste, eit heil-elektrisk orgel, vart bygd i 2017 og vigsla 11. juni 2017. Det er eit Mühleisen-orgel frå Leonberg i Tyskland. Det eldste mekaniske orgelet står på galleriet og vart bygd i 1863 av Claus Jensen, og restaurert i 2013–2014.[8]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Tromsø domkirke». Kirkesøk: Kirkebyggdatabasen. Henta 20. juli 2018.
  2. «Oversikt over Nåværende Kirker» (på norsk). KirkeKonsulenten.no. Henta 20. juli 2018.
  3. Elstad, Hallgeir, red. (26. november 2014). «Nord-Hålogaland bispedømme». Store norske leksikon (på Norwegian). Kunnskapsforlaget. Henta 20. juli 2018.
  4. 1 2 «Tromsø domkirke». Architekturguide: Nord-Norge og Svalbard. Henta 12. desember 2012.
  5. 1 2 3 4 5 «Tromsø Domkirke» (på Norwegian). Tromsø kirkelige fellesråd. Arkivert frå originalen 25. september 2012. Henta 12. desember 2012.
  6. Store norske leksikon. «Chr H Grosch» (på Norwegian). Henta 12. desember 2012.
  7. Store norske leksikon. «Adolph Tidemand» (på Norwegian). Henta 12. desember 2012.
  8. «Domkirke, Tromso [Norway]» (på engelsk). Henta 7. august 2023.