Mons Leidvin Takle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mons Leidvin Takle
Fødd14. november 1942
OpphavNoreg
Instrumentorgel
Verka sommusikar, komponist, pianist

Mons Leidvin Takle (fødd 1942) er ein norsk organist, pianist og komponist. Han kjem opphavleg frå Takle i Gulen kommune, men er busett i Kristiansand.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Takle tok organisteksamen ved Musikkonservatoriet i Stavanger berre 16 år gamal. Han studerte også ved Musikkonservatoriet i Oslo, der han studerte orgel med Arild Sandvold og piano med Reimar Riefling. Han har elles studert i Sverige og USA, og teke private pianotimar med Hans Solum. Han har turnert som solist og akkompagnatør både i Europa og i USA.

Som organist har Takle m.a. jobba i Revheim kyrkjeMadla, Høyanger kyrkje, Gand kyrkje i Sandnes, St. Petri kyrkje i Stavanger, Hægeland kyrkje, Øvrebø kyrkje og Vennesla kyrkje.

Han har arbeidt, og sjølv gjeve ut ei rekkje plateproduksjonar opp igjennom. Han har jobba som arrangør, produsent og akkompagnatør for plateselskapet Lynor som han har brukt som plateselskap for fleire av sine eigne utgjevingar òg.

Dei mange komposisjonane han har gjeve ut, har han mellom anna gjort på forlaget Cantando. Takle har sitt eige firma, Mons Leidvin Takle Musikk AS, som ligg på Vennesla. Musikken hans vert i dag spela over store delar av verda.

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Norwegian Folktunes Orgel
  • Festivity Orgel
  • Våg å leve Orgel
  • Kirken er et gammelt hus Orgel
  • Gyldne øyeblikk Piano
  • Julens melodier Piano
  • Den store stjerna Vokal Tekst: Trygve Bjerkrheim
  • Den store kongen Vokal Tekst: Trygve Bjerkrheim
  • Jul på jord Vokal Tekst: Trygve Bjerkrheim
  • Ein evig påskedag Vokal
  • Vår verden Vokal Tekst: Liv Nordhaug


Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Arioso 2009
  • Himmelske perler 2007
  • Gyldne øyeblikk 2006
  • Tro, håp og kjærlighet 2005
  • Julens melodier 2003
  • Berøring 2002
  • Våg å leve 2001
  • Navnet Jesus 2001
  • Dialog med drømmer 2000
  • Spell levende 1995
  • Ny dag 1993

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]