Mount Aspiring National Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mount Aspiring National Park
Matukituki valley.jpg
Vestlege Matukituki Valley og Matukituki River sett frå Cascade Saddle.
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Otago
Areal 3 555 km²
Grunnlagd 1964
Tidssone +12
Mt Aspiring NP.svg
Wikimedia Commons: Mount Aspiring National Park

Mount Aspiring National Park ligg i SøralpaneSørøyaNew Zealand, nord for Fiordland National Park, og mellom Otago og den sørlege delen av Westland. Parken er ein del av verdsarvstaden Te Wahipounamu. Han er administrert av Department of Conservation på New Zealand.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Parken vart oppretta i 1964 som den tiande nasjonalparkenNew Zealand. Han dekkjer eit område på 3 555 km² i den sørlege delen av Søralpane, like vest for Lake Wanaka, og er ein populær stad for fotturisme og fjellklatring. Fjellet Mount Aspiring/Tititea (3033 moh.) har gjeve namn til parken. Andre høge fjelltoppar i parken er Mount Pollux (2542 moh.) og Mount Brewster (2519 moh.).

Haast Pass, ein av dei tre viktigaste fjellovergangane over Søralpane, ligg i det nordaustlege hjørnet til parken.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tillegg av Landsborough Station[endre | endre wikiteksten]

I april 2005 kjøpte Nature Heritage Fund privat land i dalen til Landsborough River som eit tillegg til parken.[1]

Framlegg om Milford Sound tunnel[endre | endre wikiteksten]

I 2006 søkte Milford Dart Company Miljøverndepartementet, Department of Conservation, om å endra administrasjonsplanen for Mount Aspiring National Park Management Plan, og få løyve til å byggja ein ny tilkomstveg til parken, i form av ein busstunell frå Routeburn Road til Hollyford Valley for å frakta turistar til Milford Sound.

I desember 2007 avslo miljøstyresmaktene på New Zealand å endra administrasjonsplanen. Styresmaktene meinte at den føreslegne vegen ikkje ville bidra til bruk av eller vera til nytte for Mount Aspiring National Park, og at ulempene ved å byggja og bruka ein slik veg i nasjonalparken ville overgå alle føremunar. Spørsmålet har kome fram att i 2012 og 2013, med nytt avslag frå miljøvernministeren.[2][3]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Fotturisme[endre | endre wikiteksten]

Populære ruter for fotturar i parken er:

  • Gillespie Pass-rundturen
  • Matukituki Valley
  • Routeburn Track
  • Rees-Dart-rundturen

Gruvedrift[endre | endre wikiteksten]

I 2009 føreslo den National-leia regjeringa på New Zealand at Mount Aspiring National Park kunne opnast for gruvedrift. Kring 20% av det totale arealet i parken, hovudsakleg i dei vestlege delane kring Red Hill Range, og dei nordaustlege delane kunne skiljast ut frå parken og opnast for gruvedrift.[4][5] Utbyggjarar her er spesielt interesserte i karbonatittførekomstar, særleg sjeldne jordartar og wolfram. Det grøne partiet har åtvara mot dette, og held fram at parken er eit av dei fremste turistmåla på New Zealand, og at gruvedrift her ville vera til stor skade for landet sitt omdøme.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Chris Carter (22. april 2005). «Landsborough Station purchased for national park». Department of Conservation. Henta 26. juli 2013. 
  2. «Proposed Milford Dart Tunnel Alignment» (PDF). 6. juni 2013. Henta 26. juli 2013. 
  3. «Minister declines Milford Dart Tunnel proposal». Department of Conservation. 17. juli 2013. Henta 26. juli 2013. 
  4. «Govt aspiring to mine another National Park». Green Party of Aotearoa New Zealand. 30. november 2009. Henta 26. juni 2013. 
  5. «Leaked report recommends mining option for Mt Aspiring». The New Zealand Herald. 1. desember 2009. Henta 26. juli 2013. 
  6. Geoff Cumming (6. mars 2010). «Miners press to enter the green zone». The New Zealand Herald. Henta 26. juli 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mount Aspiring National Park