Muff Winwood
| Muff Winwood | |
| Statsborgarskap | Storbritannia |
| Fødd | 15. juni 1943 (83 år) Erdington |
| Yrke | komponist, musikkprodusent, gitarist, låtskrivar, A&R person, soulmusiker, bassist, musikar |
| Språk | engelsk |
| Medlem av | The Spencer Davis Group[*] |
| Far | Lawrence Winwood |
| Muff Winwood på Commons | |
Mervyn «Muff» Winwood (fødd 15. juni 1943 i Erdington i Birmingham)[1] er ein engelsk låtskrivar og plateprodusent, og den eldre broren til Steve Winwood. Begge spelte tidlegare i Spencer Davis Group i 1960-åra, der Muff Winwood spelte bassgitar.[2] Han produserte debutplata til Dire Straits, Dire Straits (1978).[2]
Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]Faren, Lawrence, var ein støyperiarbeidar, og spelte òg tenorsaksofon i danseband og hadde ei samling med jazz- og bluesplater. Winwood gjekk på Cranbourne Road Primary School og Great Barr School, som var ein av dei første einingskulane. Han var korgut ved St John's Church og vart interessert i gitar, og så bass.
The Spencer Davis Group
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå The Spencer Davis Group.
Muff var med i originalbesetninga av the Spencer Davis Group, men vart beden av foreldra om å ta litlebroren med seg på konsertane for å halde han borte frå trøbbel. Gruppa starta å la den unge Stevie å få vere med på nokre få songar og oppdaga etterkvart at alle dei skrikande ungjentene føre scenen var der for Stevie.
Plateprodusent
[endre | endre wikiteksten]Då han slutta i Spencer Davis Group n 1967 vart Winwood A&R-mann for Island Records.[2] Han var der fram til 1978, då han vart sjef for det britiske kontoret til CBS Records som seinare vart Sony Music fram til 1990-åra.[3] Utanom Dire Straits, produserte Winwood hitalbumet Kimono My House (1974), og hitsinglane, «This Town Ain't Big Enough for Both of Us» og «Amateur Hour» for Sparks.[2] Han produserte òg det andre alubmet deira, Propaganda i 1974 (med singelen «Never Turn Your Back on Mother Earth»). Som ein del av jobben som A&R signerte Winwood kontrakt med mellom andre Terence Trent D'Arby, Sade, Shakin' Stevens og The Psychedelic Furs.[2]
Han har òg vore produsent for Marianne Faithfull, Nirvana, Sutherland Brothers («Sailing»), Traffic, Mott the Hoople, Love Affair, Kevin Ayers, Patto, Unicorn,[4][5] After the Fire og The Noel Redding Band.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Muff Winwood» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Muff Winwood ved The Internet Movie Database (IMDb)
- 1 2 3 4 5 Kurutz, Steve. Biography of Muff Winwood på Allmusic. Henta 15. september 2014.
- ↑ «Billboard - Google Books». Books.google.com. 22. mai 2004. Henta 15. september 2014.
- ↑
- ↑ Unicorn-diskografi på Discogs
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Muff Winwood-diskografi på Discogs
- Muff Winwood på AllMovie