This Town Ain't Big Enough for Both of Us

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
This Town Ain't Big Enough for Both of Us
Singel av Sparks
frå albumet Kimono My House
B-side

Barbecutie

Utgjeve April 1974
Innspelt 1974
Sjanger
Lengd 3:06
Selskap Island
Tekstforfattar Ron Mael
Låtskrivar(ar) Ron Mael
Produsent Muff Winwood
Sparks-kronologi 
«Girl from Germany»
(1972)
This Town Ain't Big Enough for Both of Us «Amateur Hour»
(1974)
Faith No More-kronologi
«Stripsearch»
(1997)
This Town Ain't Big Enough for Both of Us «I Started a Joke»
(1998)


«This Town Ain't Big Enough for Both of Us» er ein song av det amerikanske bandet Sparks. Han var skriven av Ron Mael og er opningssporet på det tredje studioalbumet deira, Kimono My House (1974), og var den første singelen frå albumet. Sjølv om han ikkje gjekk inn på Billboard Hot 100, vart «This Town Ain't Big Enough for Both of Us» ein stor suksess i Europa, og nådde topp 10 på listene i Nederland, Sveits og Storbritannia. I Storbritannia nådde han andreplassen på UK Singles Chart, der han låg to veker på rad.[3] Songen vart den høgaste plasseringa til Sparks på UK Singles Chart, og vart halde unna toppen av lista av The Rubettes-songen «Sugar Baby Love».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege ideen til songen var at Russell Mael etter kvart vers skulle synga ein filmdialogklisjé, der den eine var «Denne byen er ikkje stor nok for oss begge». Dei droppa ideen om å ha forskjellige frasar og brukte i staden berre linja i tittelen. Den originale arbeidstittelen på songen var «Too Hot to Handle».

Produsenten på plata, Muff Winwood, brukte karakteristiske westernfilm-skot på innspelinga etter at Ron og Russel «gjekk gjennom eit heilt BBC-bibliotek og fann det perfekte skotet for den songen.»[4]

Det har vorte hevda at Winwood vedda med venen Elton John om at songen ville nå topp 5 på UK Singles Chart og at Elton John, som sa at det ville han ikkje, tapte veddemålet.[5] Men Daryl Easlea skreiv i Sparks-biografien sin Talent Is an Asset at dette var ei «flott historie» som vart formidla av Mael-brørne, men motsagt av Winwood sjølv. Winwood sa at han var usikker på kor kommersiell songen var, så han spelte det til Elton John, som sa til han «Høyr, eg vil satsa på hundre pund på at han blir topp tre». Kona til Winwood var samd, og tvilen hans vart lagt til side.[6]

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Vokallyden på singelen har vorte kritisert som «stilisert». Dette kan vera fordi songen vart skriven utan omsyn til vokalstilen til Russell Mael. Låtskrivaren Ron Mael har forklart: «'This Town Ain't Big Enough For Both of Us' vart skriven i A, og ved gud skal han syngast i A. Eg føler berre at viss du kjem på det meste av musikken, så har du ein idé kor det skal gå. Og ingen songar kjem i vegen for meg.»

Russell Mael har hevda som svar: «Då han skreiv 'This Town Ain't Big Enough For Both of Us', kunne Ron berre spela han i den tonearta. Det var så mykje arbeid å transponera songen og ein av oss måtte rokka seg, så eg gjorde justeringa for å passa inn. Stemma min er ikkje ei «rocke»-stemme. Han har ikkje soul, på den tradisjonelle rockemåten. Det handlar ikkje om «guts». Han er utrena, uskolert, eg stilte aldri spørsmålsteikn ved kvifor eg song høgt. Det berre skjedde, diktert av songane. Ron har alltid skrive Sparks sine tekstar og har aldri transponert dei til ein rocketoneart for meg å synga. Han pakka alltid kvar linje med ord, og eg måtte synga dei som dei var.»[7]

Nyinnspelingar[endre | endre wikiteksten]

Ein akustisk versjon av songen vart spelt inn i 1985 for B-sida av singelen «Change».

I 1997 spelte Sparks inn to nye versjonar av songen for albumet Plagiarism. Den første var eit orkesterarrangement dirigert av Tony Visconti som gjeninnsette eit vers som Winwood hadde kutta frå originalen. Den andre var eit samarbeid med Faith No More, som vart gjeven ut på singel og nådde 40. plassen på UK Singles Chart.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • Original utgåve frå 1974.
  1. "This Town Ain't Big Enough for Both of Us – 3:06
  2. "Barbecutie – 3:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåve (1974)

Liste Plassering
Australia (Kent Music Report)[9] 69
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[10] 4
Frankrike (SNEP)[11] 15
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[12] 5
Nederland (Mega Single Top 100)[13] 4
Sveits (Schweizer Hitparade)[14] 7
UK (Official Charts Company)[3] 2

Sparks Vs. Faith No More (1997)

Liste (1997/98) Plassering
Australia (ARIA)[15] 69
UK (Official Charts Company)[3] 40
Liste (2012) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Back Catalogue Singles Flandern)[16] 47

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Liste Salstrofé
UK (Official Charts Company) BPI: Sølv[17]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Siouxsie and the Banshees inkluderte ei attgjeving av songen på coveralbumet deira frå 1987 Through the Looking Glass som opningsspor.
  • Songen har òg vorte spelt av Heavens Gate på albumet deira Planet E frå 1996, og av Theory in Practice på albumet deira Colonizing the Sun frå 2002.
  • British Whale (innspelingsalias for The Darkness-songaren Justin Hawkins) gav ut ein versjon som debutsingelen sin i august 2005, som nådde sjetteplassen på UK Singles Chart.
  • Sporet «Arabian Shamuru» på Bon Voyage-albumet frå 1991 av det japanske bandet Mahalik Halili bruker nesten nøyaktig same melodi som «This Town Ain't Big Enough for Both of Us».
  • Arizona-bandet The Format spelte ofte songen på konsertane sine, inkludert på EP-en deira frå 2006 And Now I Hope You're Alright - Live in California.
  • Det portugisiske bandet Humanos framførte songen på konsertane sine, og blanda han med «O Corpo É Que Paga»[18] av det portugisiske 80-talsikonet António Variações, som er tilgjengeleg på live-DVD-en deira.
  • Det amerikanske glamrockbandet Celebrity Skin framførte songen på konsertane sine frå og med 1987.
  • Faith No More framførte songen på konsertane sine i 1997–1998 og seinare.
  • I ei sletta scene frå The Sparks Brothers spelte Weird Al Yankovic songen instrumentalt på trekkspel.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Songen er nytta i ein draumesekvens i ein episode av den britiske situasjonskomedien Green Wing. Det originale sporet er mima av to av karakterane, Dr. "Mac" Macartney og Dr. Alan Statham, som utgjer seg for å vera høvesvis Russell Mael og Ron Mael.

Den originale Spark-versjonen av songen kan høyrast i filmen Kick-Ass frå 2010.

Songen blir brukt i episode 2 av Telltale-videospelet Guardians of the Galaxy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Savage, Jon (1. februar 2013). «The 20 best glam-rock songs of all time». The Guardian. Henta 15. mai 2016. 
  2. Reed, Ryan (20. november 2019). «A Guide to Progressive Pop». Tidal. Henta 13. januar 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Sparks». Official Charts Company. Henta 22. april 2022. 
  4. «Sparks». 
  5. «Sparks - «This town ain't big enough for both of us» Single». Graphikdesigns.free.fr. Xavier Lorente-Darracq / Graphik Designs - France. Henta 22. april 2022. 
  6. Daryl Easlea (7. april 2010). Talent Is An Asset: The Story Of Sparks. Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-237-7. 
  7. The Word, No. 36, February 2006.
  8. «The Record Produsents: Tony Visconti». allsparks. Henta 4. april 2017. [daud lenkje]
  9. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 286. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. "Ultratop.be – Sparks – This Town Ain't Big Enough For Both Of Us" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  11. «This town ain't big enough for both of us in French Chart» (på French). Dominic DURAND / InfoDisc. Henta 22. april 2022.  You have to use the index at the top of the page and search «Sparks»
  12. "Nederlandse Top 40 – Sparks search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  13. "Dutchcharts.nl – Sparks – This Town Ain't Big Enough For Both Of Us" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  14. "Sparks – This Town Ain't Big Enough For Both Of Us – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  15. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988-2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  16. «50 Back Catalogue Singles – 27. oktober 2012». Ultratop 50. Hung Medien. Henta 22. april 2022. 
  17. «British certificates: searchable database». bpi.co.uk. Arkivert frå originalen 6. august 2011. Henta 22. april 2022. 
  18. «Antonio variações - o corpo é que paga (semi-original)». YouTube. Arkivert frå originalen 22. desember 2021. Henta 22. april 2022.