Musikaren Jonas Fjeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonas Fjeld
Jonas Fjeld2.JPG
Fødd24. september 1952
FødestadBodø
FødenamnTerje Lillegård Jensen
AliasJonas Fjeld
OpphavNoreg
Aktiv1972–
Sjangercountryrock
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapGrappa Musikkforlag A/S
Verka somsongar, gitarist
PrisarSpellemannprisen i rock, Kardemommestipendiet, Spellemannprisen i rock, Spellemannprisen i roots og country, Spellemannprisen for årets mannlige artist

Jonas Fjeld (fødd 24. september 1952), eigentleg Terje Lillegård Jensen, er ein norsk songar, låtskrivar og gitarist. Fjeld, som har teke artistnamnet sitt etter Øvre Richter Frich sin romanfigur, byrja musikkarriera si i tøysebandet Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band (der òg Herodes Falsk var medlem), seinare omdøypt til Jonas Fjeld Band då gutane (minus Falsk) bestemte seg for å bli seriøse musikarar. Musikken til Jonas Fjeld Band er bluesprega countryrock, med til dels heftige gitarriff.

Eit anna av Fjeld sine musikkprosjekt er Danko Fjeld Andersen, som var eit samarbeid mellom Fjeld og dei amerikanske musikarane Eric Andersen og Rick Danko – sistnemnde kjent frå The Band.

Eit tredje prosjekt er To Rustne Herrer, som består av Jonas Fjeld og Ole Paus. Fjeld har brukt fleire tekstar skrivne av Paus, men på den siste plata si, Mårrakvist, har han òg teke med stoff frå Lars Saabye Christensen, Jo Nesbø og Klaus Hagerup.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band

  • Jonas Fjeld Rock n' Rolf Band (1973)
  • Pans Fløyte (1974)
  • Endelig (Uff, Ikke Nå Igjen) (1976)

Jonas Fjeld Band

  • Tennesseee Tapes (1977)
  • Back in the USA (1978)
  • Make up (1979)
  • Neck n' Neck (1984)
  • Time and Motion (1985)

Jonas Fjeld (soloalbum)

  • Take Two Asprins and Call Me in the Morning (1975)
  • Living for the Weekend (1983)
  • Svært Nok For Meg (1990)
  • Texas Jensen (1992)
  • Beste (samleplate, 1999)
  • Voice on the Water (2000)
  • Tidevann (2001)
  • Mårrakvist (2006)

Danko Fjeld Andersen

  • Danko Fjeld Andersen (1991)
  • Ridin' on the Blinds (1993)

To Rustne Herrer

  • To Rustne Herrer (1996)
  • Damebesøk (1997)
  • 12 Rustne Strenger (2002)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]