Mythopoeia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mythopoeia (av gresk: Myte og poesi) er eit dikt som vart skrive av forfattaren J. R. R. Tolkien i 1930-åra og gjeve ut i 1964.[1] . Diktet er sendt frå ein «Philomythos» (ein som held av myter) til ein «Misomythos» (ein som ikkje held av myter), og er å rekne som ei programerklæring frå Tolkiens hand. Diktet vart påbyrja kring 1931 og låg føre i åra rett før andre verdskrigen.

I dette diktet legg Tolkien fram sitt poetiske grunnsyn (mytopoesi). Han stiller seg fram som ein romantisk kunstnar. Kunst er ei vidareføring av Guds skapargjerning. Han tek og eit nominalistisk standpunkt: namn er skapande og identitetsskapande. Eit tre finst som «tre» først når det er nemnt. Den primære oppgåva til mennesket er å gje namn til tinga. Det skapande mennesket følgjer den lova det sjølve vart skapt etter («We make still by the law in which we`re made»).

Tolkien tek og eit oppgjer med eit naturvitskapleg verdsbilete der myter og segner ikkje har plass, og ser framsteg som eit trugsmål mot verda og menneska. Han leitar attover i tanken og finn mytiske mønster, og leitar framover til ein visjon av paradiset, der alle skapar slik Gud har meint dei skal skapa, og ser ting rett, ikkje skakt. I dei siste linene finn ein og ein allusjon til pinse-underet og den heilage anden. Sistpå ønskjer han at «kvar skal velja frå altet til evig tid». I diktet finst det rom for eit panenteistisk verdssyn («Alt er i Gud»).

Diktet Mythopoeia er utgjeve saman med novella Leaf by Niggle, som tek om same problemstilling frå ei anna side, og forelesninga Tree and Leaf, der Tolkien legg fram ei meir vitskapleg utgreiing om synet sitt på mytar og eventyr, særskild den greina han kallar «Fairy-stories», noko som grovt kan omsetjast til undereventyr.

Samanstilling[endre | endre wikiteksten]

Diktet kan samanstillast med annan litteratur frå romantikken. Diktet Dikt og Sanning av Ivar Aasen peikar mot noko av den same tankegangen. Sjå og Følg Kaldet av Henrik Wergeland, eller William Blake sine dikt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. J. R. R. Tolkien, Tree and Leaf; Mythopoeia; The Homecoming of Beorhtnoth Beorhthelm's Son (London: HarperCollins, 2001) [first published 1964] ISBN 9780007105045.