Nabucco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nabucco
Nabucco

Språkitaliensk
Tilverting1841
Sjangeropera
Utgitt1841
Uroppføring9. mars 1842

Nabucco er ein opera i fire akter av Giuseppe Verdi til ein italiensk libretto av Temistocle Solera, basert på ei bibelsoge (2. Kong. 24f) og eit skodespel frå 1836 av Auguste Anicet-Bourgeois og Francis Cornue. Nabucco var den tredje operaen til Verdi, og hadde urpremiere i 1842. Operaen blir rekna for å ha etablert ryet til Verdis som operakomponist og dermed lansert karrieren hans. Det best kjende nummeret frå operaen er det hebraiske slavekoret «Va’ pensiero, sull’ali dorate» (‘Flyg, tankar, på gylne venger’), eit stykke som ofte blir forlanga som ekstranummer i dag.

Nabucco handlar om lagnaden til jødane, åtaket på dei og erobringa av landet deira og det følgjande eksilet deira under kongen av Babylon, Nebukadnesar.[1] Denne historia blir brukt som bakgrunn for det romantiske og politiske plottet i operaen.

Oppføringshistorie[endre | endre wikiteksten]

Ei oppføring av Nabucco i Eberswalde av nasjonaloperaen i Schlesien i august 2004.

Operaen blei fyrst oppført den 9. mars 1842Teatro alla Scala i Milano under det opphavlege namnet sitt Nabucodonosor. Den noverande og endelege tittel, Nabucco, blei brukt for fyrste gang brukt i ei forestilling på Nobile Teatro di San Giacomo di Corfù i september 1844.[2]

Sjølv om verket ikkje blir oppført så ofte som nokre av dei andre operaene til Verdi, blir Nabucco stadig framført på operascenane i heile verda. Operaen har vore på verklista til Metropolitan Opera sidan han fyrst blei oppført i sesongen 1960-1961. Han er den einaste av dei tidlege operaene til Verdi, bortsett frå Ernani og Luisa Miller, som regelmessig er blitt oppført ved Metropolitan Opera den seinaste tida; Nabucco er blitt framført der i 2001, 2003, 2004 og 2005.[3] Nabucco blir òg regelmessig framført ved Arena di Verona, der han blei oppført i 2002, 2003, 2005, 2007 og 2008.[4] Førestillingar som er spelte inn på DVD, er frå Arena di Verona (1981 og 2007), Teatro alla Scala (1987), Opera Australia (1996), Wiener Staatsoper (2001), Metropolitan Opera (2002), Teatro Carlo Felice i Genova (2004), Teatro Municipale di Piacenza (2004) og den austerrikske St. Margarethen operafestival (2007).[5] Mange andre selskap har òg oppført operaen, herunder San Francisco Opera i 1982, Sarasota Opera i 1995, Royal Opera House i London i 1996, det nye nasjonalteateret i Tokyo i 1998, Teatro Colón i 2000, Baltimore Opera i 2006 og Teatro Regio di Parma i 2008 som ledd i "Festival Verdi".[6]

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Stemmetype Originalbesetning 9. mars 1842
Nabucco, konge av Babylon Baryton Giorgio Ronconi
Abigaille, som skal vera eldste dottera hans Sopran Giuseppina Strepponi
Fenena, dottera hans Mezzosopran Giovannina Bellinzaghi
Ismaele, nevø av kongen av Jerusalem Tenor Corrado Miraglia
Zaccaria, øvstepresten til jødane Bass Prosper Dérivis
Anna, syster til Zaccaria Sopran Teresa Ruggeri
Abdallo, babylonsk soldat Tenor Napoleone Marcone
Øvstepresten til Ba'al Bass Gaetano Rossi
Menneske, soldatar

Synopsis[7][endre | endre wikiteksten]

Fyrste akt: Jerusalem[endre | endre wikiteksten]

Tempelet i Jerusalem

Jødane blir overvunne, og Nabucco (Nebukadnesar) er klar til å innta Jerusalem. Øvstepresten Zaccaria ber folket om å ikkje fortvila, men stola på Gud (D'Egitto la su i lidi). Gisselet Fenena - yngstedottera til Nabucco - kan framleis sikra freden (Come notte a sol fulgente). Zaccaria ber Ismaele, som er nevø av kongen av Jerusalem og ein tidlegare utsending til Babylon, om å ta seg av Fenena. Sjølv om Fenena og Ismaele elskar kvarandre, oppfordrar Ismaele - då dei er blitt åleine - henne om å flykta framfor å risikera livet sitt. Eldstedottera til Nabucco, Abigaille, kjem inn i tempelet med soldatar i forkleding. Ho elskar òg Ismaele. Då ho oppdagar dei to, trugar ho Ismaele: Om han ikkje gjev opp Fenena, vil Abigaille skulda henne for svik. Kongen kjem inn (Viva Nabucco). Zaccaria trassar han og trugar med å drepa Fenena med ein dolk. Ismaele grip inn for å redda henne. Nabucco reagerer med å gje ordre om å få tempelet øydelagt, og jødane forbanner Ismaele som ein forrædar.

Andre akt: Den vantru[endre | endre wikiteksten]

Første scene: Palasset i Babylon

Nabucco er i krig, og har utnemnd Fenena som regent medan han er vekke. Abigaille har oppdaga eit dokument som viser at ho ikkje er den ektefødde dottera til Nabucco, men dotter av ein slave (Anch'io dischiuso un giorno). Øvstepresten til Baal kjem for å fortelja Abigaille at Fenena har frigjeve dei jødiske fangane. Dei vil iverksetja eit kupp for å setja Abigaille på trona medan dei spreier eit rykte om at Nabucco er død i kamp. Dei forlet Abigaille (Salgo già del trono aurato).

Andre scene: Ein hall i palasset i Babylon

Zacharia ventar på Fenena (Vieni, o Le vita). Ho konverterer til jødedommen, og Ismaele blir forsona med jødane. Det blir kunngjort at kongen er død, og Abigaille og øvstepresten til Ba'all krev at Fenena skal overlata dei trona. Nabucco kjem uventa tilbake og hånar begge partane, både Ba'al og guden til hebrearane, som han har sigra over. Han hevdar sjølv å vera ein gud. Då Zaccaria seier imot han, gjev Nabucco ordre om at jødane skal døy. Fenena serer at ho vil dela lagnaden deira. Då Nabucco gjentek at han no er ein gud (Non son piu re, son dio), blir han ramma av eit lyn og mistar forstanden sin. Han mister krona si. Abigaille tek henner opp.

Tredje akt: Profetiet[endre | endre wikiteksten]

Fyrste scene: Dei hengande hagane i Babylon

Øvstepresten til Ba'al presenterer Abigaille for dødsdommen til jødane og Fenena. Nabucco kjem forvirra inn og krev trona si. Abigaille overtaler Nabucco til å underskriva dommen, men ber om, at Fenena må frelsast. Han fortel Abigaille at ho ikkje er det sanne dottera hans, men ein slave. Abigaille spottar han og øydelegg dokumentet som viser det sanne opphavet hennar. Han forstår at han no er ein fange, og ber for livet til Fenena (Oh di qual onta aggravasi questo mio crin canuto). Abigaille jublar.

Annan scene: Breidda av Eufrat

Jødane lengtar etter heimlandet sitt (Va pensiero, sull'ali dorate). Zaccaria formaner dei igjen om å vera faste i trua: Gud vil øydeleggja Babylon.

Fjerde akt: Det knuste gudebiletet[endre | endre wikiteksten]

Fyrste scene: Palasset i Babylon

Nabucco vaknar og har vunne tilbake styrken og forstanden. Han ser Fenena bli ført til avrettingsstaden i lenkjer. Han ber om tilgjeving frå guden til jødane, og lovar å bygga opp att tempelet i Jerusalem og følgja den sanne trua (Dio di Giuda). Han får følgje av ei gruppe lojale soldatar og bestemmer seg for å straffa forrædarane og redda Fenena.

Andre scene: Dei hengande hagane i Babylon

Nett som Zaccaria fører Fenena og jødane til Ba'al-altaret der dei skal ofrast (Va! La palma del martirio......dischius'è il firmamento), kjem Nabucco inn med sverd i hand.På hans befaling blir gudebiletet av Ba'al splintra. Nabucco fortel jødane at dei er frie, og at det skal byggast eit nytt tempel til guden deira. Abigaille kjem inn. Ho har forgifta seg sjølv, og uttrykkjer anger. Ho ber om tilgjeving for Fenena, og døyr. Zaccaria hyllar Nabucco som Guds tenar og konge av alle kongar.

Orkestrering[endre | endre wikiteksten]

To fløyter (ei fordobling som pikkolo), to oboar (ei fordobling som engelsk horn), to klarinettar, to fagottar, fire horn, to trompetar, tre trombonar (to tenorar, ein bass), ein cimbasso, paukar, stortromme, bekken, skarptromme, triangel, to harper, strykarar og eit sceneorkester.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nabucco er en italiensk version af kongens navn.
  2. Hjemmeside om Giuseppe Verdi, "Life and Operas: Nabucodonosor" Arkivert 26. maj 2011 ved Wayback Machine..
  3. Metropolitan Operas, 20Statistics.xml Repertoirestatistik[daud lenkje].
  4. Arena di Verona, Forestillingshistorik Arkivert 6. december 2010 ved Wayback Machine..
  5. Royal Opera Houses DVD-katalog Arkivert 3. juli 2007 ved Archive.is.
  6. Se Parmas "Festival Verdi".
  7. Denne synopsis af Simon Holledge blev først offentliggjort på Opera Japonica og er med tilladelse gengivet på engelsk Wikipedia, som den er oversat efter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nabucco