Nachikufien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nachikufien er ei arkeologisk nemning for ein sørafrikansk mikrolittindustri som truleg byrja for rundt 16 000 år sidan nord i noverande Zambia. Nachikufien-industrien laga steinverktøy som ofte blei brukt i samband med, eller til å laga, verktøy av tre.

Industrien hadde tre fasar. I den første fasen blei det laga mange kverne- og gjennomhola reiskapar. I den andre fasen, frå rundt 8 000 år sidan, laga ein polert steinverktøy. Den tredje fasen, som tok til rundt år 0 og truleg varte til 1800-talet, har etterlate seg pottemakeri, reiskapar med smådelar og nokre jerndelar, det siste truleg som resultat av handel.

Ein delvis overlappande mikrolittradisjon var wiltonien, medan tshitolien er rekna som ein ulik tradisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]