Ivanka Khristova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivanka Khristova
Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 19. november 1941
Osikovitsa
Død

24. februar 2022 (80 år)
Bulgaria

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Utmerkingar

Sosialistisk arbeidshelt

Ivanka Khristova (19. november 194124. februar 2022) var ein bulgarsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oskovitsa som tevla i kulestøyt. Ho vann gullmedaljen i øvinga i OL 1976, og bronsen i OL 1972.

Khristova vart nummer seks i kuletevlinga under Sommar-OL 1968. Året etter kom ho på fjerdeplass i friidretts-EM, etter å sett bulgarsk rekord med 18,04 meter. Ved sommarleikane 1972 tok Khristova bronsemedaljen med 19,35 meter, langt bak sølvvinnar Margitta Gummel frå Aust-Tyskland.

I byrjinga av juli 1976 sette Khristova verdsrekord i kulestøyt med 21,87 m, ein rekord ho straks forbetra til 21,89 m. Den 26. juli tok Helena Fibingerová frå Tsjekkoslovakia over rekorden med eit støyt på 21,99 m. Fem dagar seinare var det klart for OL-finale i kvinnene si kuletevling i kanadiske Montreal. Her leia Nadesjda Tsjisjova frå Sovjetunionen tevlinga til og med fjerde omgang. I femte omgang tok Khristova leiinga med eit støyt på 21,16 m, ei liing som heldt seg til tevlinga var over.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]