Natriumsambindingar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Som dei andre alkalimetalla er natrium reaktivt og dannar sambindingar med mange andre stoff. Fleire av natriumsambindingane spelar ei stor rolle i industri, forsking eller samfunnet elles.

Natriumhydrogenkarbonat[endre | endre wikiteksten]

Natriumhydrogenkarbonat (NaHCO3) er eit kvitt pulver som smakar surt. Det gjev frå seg karbondioksid ved oppvarming og ved kontakt med vatn, særleg surt vatn. På grunn av dette karbondioksidet vert natriumhydrogenkarbonat mellom anna brukt i pulverapparat for brannsløkking, og i bakepulver.

Eldre namn for natriumhydrogenkarbonat er natriumbikarbonat og natron. Natron blir brukt som hevingsmiddel i kakebaking, men er i dag mest vanleg som ein del av bakepulver. Bakepulver inneheld i tillegg til natron natriumpyrofosfat og kalsiumfosfat, som gjev ei meir kontrollert frigjering av karbondioksid under hevinga enn natron åleine gjer.

Natriumkarbonat[endre | endre wikiteksten]

Natriumkarbonat eller soda, Na₂CO₃, er natriumsaltet til kolsyre.

Natriumkarbonat utan vatn er eit kvitt pulver. Det viktigaste hydratet, natriumkarbonat dekahydrat, òg kalla krystallsoda, Na₂CO₃·10H₂O, gjer klåre fargelause krystallar. Når natriumkarbonat løysast i vatten blir løysinga basisk.

I industrien er natriumkarbonat ein viktig natriumkjelde ved m.a. glasproduksjon. I næringsmiddelindustrien blir natriumkarbonat nytta som eit surhetsregulerande middel og har E-nummer E 500.

Natriumhydroksid[endre | endre wikiteksten]

Kuler av lut.

Natriumhydroksid (NaOH), og kjend som lut, er eit viktig uorganisk stoff. Det vert produsert ved elektrolyse av ei natriumkloridløysning. Fleire typar elektrolyseceller eignar seg til dette.

Døme på bruk av natriumhydroksid:

Krystallar av natriumklorid

Natriumklorid[endre | endre wikiteksten]

Reint natrium er svært eksplosivt viss det t.d. kjem i kontakt med vatn. Rein klor er ein giftgass og eit av dei (for menneske) giftigaste stoffa som finst. Men når desse to fårlege grunnstoffa inngår ei kjemisk binding, vert resultatet uskuldeg natriumklorid (NaCl), som er det ein vanlegvis bruker som bordsalt. Det finst i store mengder i sjøvatn saman med mange andre mineral. Ein måte å utvinna natriumklorid på, er å fordampa sjøvatn ved hjelp av solenergi. Denne prosessen er ikkje lønsam i dag. Natriumklorid vert for det meste utvunne frå underjordiske avsetningar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Natriumsambindingar