Nellie Melba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nellie Melba

Fødd19. mai 1861
FødestadMelbourne, Richmond
Død23. februar 1931 (69 år)
DødsstadSydney
FødenamnHelen Porter Mitchell
AliasNellie Melba
OpphavAustralia
Sjangeropera
Instrumentvokal
Stemmetypelys sopran
Verka somoperasongar, sjølvbiograf
MorIsabella Ann Dow
FarDavid Mitchell
Gift medCharles Nesbitt Frederick Armstrong
BornGeorge Nesbitt Armstrong
Prisarstorkorsdame av Order of the British Empire, Victorian Honour Roll of Women

Dame Nellie Melba GBE (fødd Helen Porter Mitchell; 19. mai 186123. februar 1931) var ein australsk operasopran. Ho var ein av dei mest kjende songarane i seinviktoriansk tid og tidleg på 1900-talet, og var den fyrste australaren som fekk eit internasjonalt ry som klassisk musikar. Ho tok kunstnarnamnet «Melba» frå Melbourne, heimbyen sin.

Melba studerte song i Melbourne og fekk ein viss suksess i framføringar der. Etter eit kort og mislukka ekteskap flytta ho til Europa for å skipa ein karriere som songar. Ho fekk ikkje engasjement i London i 1886, men drog til Paris, der ho studerte og snart fekk stor suksess der og i Brussel. Då ho kom tilbake til London, etablerte ho seg raskt som den leiande lyriske sopranen ved Covent Garden frå 1888. Ho fekk vidare suksess i Paris og andre stadar i Europa, og seinare ved Metropolitan Opera i New York, der ho debuterte i 1893. Repertoaret hennar var lite; i heile karrieren framførte ho ikkje meir enn 25 roller og var nært identifisert med berre ti. Ho var kjend for framføringane sine i fransk og italiensk opera, men song lite tysk opera.

Under fyrste verdskrigen samla Melba inn store summar til velgjerdsorganisajonar knytte til krigen. Ho kom ofte til Australia i løpet av 1900-talet, song i opera og heldt konsertar, og fekk eit hus bygd i nærleiken av Melbourne. Ho var aktiv i å undervisa i song ved Melbourne Conservatorium. Melba heldt fram med å synge til dei siste månadane av livet, og hadde fleire avskjedskonsertar. Døden hennar i Australia blei kjend over heile den engelsktalande verda, og gravferda hennar var ei stor nasjonal hending. Den australske 100-dollar-setelen har bilde av henne.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nellie Melba med faren og ei niese, Nellie Paterson, i Melbourne i 1903.

Melba var fødd i Richmond i Victoria som den eldste av dei sju borna til David Mitchell og kona hans Isabella Ann, fødd Dow.[1] Mitchell var ein skotte som hadde utvandra til Australia i 1852, og fekk suksess innan anleggsbransjen. Melba fekk læra å spela piano og song offentlege for fyrste gong kring seksårsalderen. Ho blei utdanna ved ein lokal internatskule og deretter på Presbyterian Ladies' College.[1] Ho studerte song med Mary Ellen Christian (ein tidlegare elev av Manuel García) og Pietro Cecchi, ein italiensk tenor, som var ein respektert lærar i Melbourne.[2] I tenåra heldt Melba fram med å opptre på amatørkonsertar i Melbourne og området rundt, og ho spelte orgel i kyrkja. Far hennar oppfordra henne til å studere musikk, men var sterkt imot at ho skulle bli profesjonell songar.[3]

Mor til Melba døydde uventa i 1881.[4] Faren flytta familien frå Richmond til Mackay i Queensland, der han bygde ein ny sukkerfabrikk. Melba blei snart populær i Mackay for songen og pianospelet sitt.[5]

22. desember 1882 gifta Melba seg i Brisbane med Charles Nesbitt Frederick Armstrong (1858-1948), den yngste sonen til sir Andrew Armstrong.[6] Dei fekk eitt barn, sonen George, fødd den 16. oktober 1883.[7] Ekteskapet var ikkje lukkeleg; Charles skal ha slått henne meir enn ein gong.[3] Dei skilde seg etter eit år,[2] og Melba kom tilbake til Melbourne fast bestemt på å utvikla ein karriere som songar. Ho debuterte profesjonelt med konsertar i 1884.[8] Ho blei ofte akkompagnert av fløytisten John Lemmone, som også organiserte nokre av konsertane hennar, og blei ein livslang ven og rådgjevar for henne.[8]

Etter den lokale suksessen reiste Melba til London på leit etter fleire mogleikar.[n 1] Ho debuterte i Princes' Hall i 1886, og prøvde å få arbeid hjå sir Arthur Sullivan, Carl Rosa og Augustus Harris utan suksess. Då drog ho til Paris for å studere med den leiande læraren Mathilde Marchesi, som straks skjønte at den unge songaren hadde potensial, og ropte ut: «J'ai enfin une étoile!» (‘Eg har endeleg ei stjerne!’). Melba gjorde så raskt framgang at ho fekk lov til å synge «Mad Scene» frå Ambroise Thomas sin Hamlet på ein matinée musicale heime hjå Marchesi i desember det same året, med komponisten til stades.

Talentet til den unge songaren var så tydeleg at etter mindre enn eit år med Marchesi gav impresarioen Maurice Strakosch henne ein tiårskontrakt for 1000 frank per år. Etter at ho hadde signert, fekk ho eit mykje betre tilbod på 3000 frank per månad frå Théâtre de La Monnaie i Brussel, men Strakosch ville ikkje gje henne fri og fekk ei forbod som hindra henne i å akseptera det.[9] Denne vanskelege saka blei uventa løyst då Strakosch plutseleg døydde.[10] Melba operadebuterte fire dagar seinare som Gilda i Rigoletto på La Monnaie den 12. oktober 1887.[11] Kringe denne tida, på råd frå Marchesi, tok ho kunstnarnamnet «Melba», ein samantrekking av namnet på heimbyen sin.[12][n 2]

Debutar i London, Paris og New York[endre | endre wikiteksten]

Melba i kostyme til Lucia di Lammermoor.
Foto: Nadar, 1888

Melba debuterte i Covent Garden i mai 1888, i tittelrolla til Lucia di Lammermoor. Ho fekk ei vennleg, men ikkje begeistra mottaking. The Musical Times skreiv: «Madame Melba er ein flink vokalist, og ein ganske respektable representant for lyse sopranodelar; men ho manglar den personlege sjarmen som trengst for ein stor figur på den lyriske scenen».[13] Ho blei fornærma då Augustus Harris, som då var kunstnarisk leiar ved Covent Garden, berre tilbaud henne birolla som Oscar i Un ballon i maschera for neste sesong.[14] Ho forlét England og svor ho aldri ville venda tilbake. Året etter opptredde ho på Opéra i Paris, i rolla som Ophélie i Hamlet. The Times skildra dette som «ein brilliant suksess», og vidare at «Madame Melba har ei stemme med stor fleksibilitet ... ho spelar uttrykksfullt og slåande».[15]

Melba hadde ein sterk støttespelar i London, lady de Grey, som hadde ei sterk stilling i Covent Garden. Melba blei overtala til å koma tilbake, og Harris gav henne ei rolle i Roméo et Juliette (juni 1889) mot Jean de Reszke. Ho sa seinare: «Eg daterer suksessen min i London ganske klart til den store kvelden den 15. juni 1889».[1] Etter dette kom ho tilbake til Paris som Ophélie, Lucia i Lucia di Lammermoor, Gilda i Rigoletto, Marguerite i Faust og Juliette. I franske operaer hadde ho ikkje god uttale, men komponisten Delibes sa at han ikkje brydde seg om ho song på fransk, italiensk, tysk, engelsk eller kinesisk, så lenge ho song.[n 3]

Philippe, hertugen av Orléans

I dei fyrste åra av 1890-talet song Melba ved dei leiande europeiske operahusa, inkludert Milano, Berlin og Wien.[2] I byrjinga av tiåret hadde Melba eit forhold til prins Philippe, hertug av Orléans. Dei blei ofte sett saman i London, noko som skapte ein del snakk, men det oppstod mykje meir oppstyr då Melba drog gjennom Europa til St. Petersburg for å synga for tsar Nikolaj II. Hertugen følgde nært etter henne, og dei blei sett saman i Paris, Brussel, Wien og St. Petersburg. Armstrong innleidde skilsmisseforhandlingar på grunn av Melba sin utruskap, og nemnde hertugen som medrespondent. Han blei til slutt overtala til å droppa saka, men hertugen kom fram til at ein toårig safari i Afrika, utan Melba, ville vera passande. Han og Melba gjenoppretta ikkje forholdet seinare.[1][17]

Melba song rolla som Nedda i Pagliacci i Covent Garden i 1893, like etter den italienske premieren. Komponisten, Ruggero Leoncavallo, var til stades, og sa at rolla aldri var blitt spelt så godt før.[18] I desember same året song Melba for fyrste gong ved Metropolitan Opera i New York. Som ved debuten hennar i Covent Garden hadde ho rolla som Lucia di Lammermoor, og som på Covent Garden var det mindre enn ein triumf. New York Times lovprisa framføringa hennar - «ei av dei vakraste røystene som nokon gong kom ut av ein menneskehals ... rett og slett herleg i fylde, rikdom og reinheit» - men verkte var gått av moten, og framføringa hadde lite publikum.[19] Rolla hennar i Roméo og Juliette, seinare i sesongen, var ein triumf, og etablerte henne som leiande prima donna i tida etter Adelina Patti.[2] Ho kunne knapt tru snobberiet ved Metropolitan. Forfattaren Peter Conrad skreiv: «I London hadde ho omgått kongelege; i New York var ho ein syngande tenar.»[20] I lag med suksess blant kritikarane vigde ho seg til å også få sosial aksept, noko ho oppnådde.[20]

Melba som Marguerite i Faust

Frå 1890-talet spelte Melba ei vid rekkje roller i Covent Garden, hovudsakleg i det lyriske sopranrepertoaret, men òg nokre tyngre roller. Ho song tittelrollene i Elaine av Herman Bemberg[21] og Esmeralda av Arthur Goring Thomas,[22] italienske roller som Gilda i Rigoletto,[23] tittelrolla i Aida,[24] Desdemona i Otello,[25] Luisa i I Rantzau av Mascagni,[26] Nedda i Pagliacci,[27] Rosina i Barberen i Sevilla,[28] Violetta i La traviata[29] og Mimì i La bohème.[30] I det franske repertoaret song ho Juliette i Roméo og Juliette,[31] Marguerite i Faust,[31] Marguerité de Valois i Les Huguenots,[32] tittelrolla i Hélène, som var skriven for henne av Saint-Saëns,[2] og Micaëla i Carmen.[33]

Nokre skribentar sa seg overraska over at Melba spelte den siste av desse rollene, sidan det berre var ei birolle i operaen. Ho framførte rolla ved mange høve, og sa i memoarane sine: «Kvifor ei prima donna ikkje skulle synga sekundære roller forstod eg ikkje då og er ikkje nærare ved å skjøna i dag. Eg hatar det kunstneriske snobberiet kring det".[14] Ho song rolla mot Carmen-ar spelte av Emma Calvé, Zélie de Lussan[33] og Maria Gay.[34] Marguerite Valois er heller ikkje den kvinnelege hovudrolla i Les Huguenots, men Melba var villig til å ta henne som seconda donna til Emma Albani. Ho var generøs i støtta si for songarar som ikkje konkurrerte med henne i favorittrollene hennar, men var, som biografen hennar J.B. Steane sa det, «patologisk kritisk» mot andre lyriske sopranar.

Melba var ikkje kjend som ein Wagner-songar, sjølv om ho av og til song Elsa i Lohengrin[35] og Elisabeth i Tannhäuser.[36] Ho fekk ein viss ros for desse rollene, men Klein meinte ho ikkje passa for dei, og Bernard Shaw meinte at ho song med stor evne, men spelte kunstig og utan følsemd.[37] I 1896 spelte ho rolla som Brünnhilde i Siegfried ved Metropolitan, men hadde ikkje suksess.[2] Rolla ho hadde mest der var Marguerite i Gounod sin Faust, som ho hadde studert under tilsyn av komponisten sjølv.[38] Ho prøvde seg aldri på Mozart sine operaer, sjølv om ein del meinte at røysta hennar ville vore ideell for dei. Repertoaret hennar gjennom heile karrieren var ikkje på meir enn 25 roller.

Ekteskapet mellom Melba med Armstrong blei endeleg oppløyst i 1900, etter at han emigrerte til USA med sonen deira og slo seg ned i Texas.[7]

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Melba, ca. 1907

Melba var no etablert som ei leiande stjerne i Storbritannia og Amerika. Ho la ut på si fyrste heimreise til Australia i 1902-03 med ein konsertturné, og turneerte òg i New Zealand.[1][n 4] Fortenesta var utan sidestykke, og ho vende tilbake fire gongar på turné i løpet av karrieren. I Storbritannia kjempa Melba for La bohème av Puccini. Ho hadde fyrst sunge rolla som Mimì i 1899, etter å ha studert henne med komponisten. Ho argumenterte sterkt for nye oppføringar av verket, trass i avskyen leiarane i Covent Garden hadde for denne nye operaen frå «underklassen».[2] Melba blei rettferdiggjort av den offentlege entusiasmen for stykket, som blei styrka i 1902 då Enrico Caruso song i lag med henne i den fyrste av mange Covent Garden-framføringar saman.[2] Ho song Mimì for Oscar Hammerstein Ihans operahus i New York i 1907, noko som styrka denne verksemda.[2] Etter dei fyrste suksesse sine i Brussel og Paris på 1880-talet song Melba sjeldan på det europeiske kontinentet; berre dei engelsktalande landa tok henne svært hjarteleg imot.[42]

Ho opptredde 26 gonger i Royal Albert Hall i London mellom 1898 og 1926.[43] Sjølv om ho kalla Covent Garden «den kunstnariske heimen min», opptredde ho sjeldan der på 1900-talet. Ein grunn til dette var at ho ikkje kom så godt overeins med sir Thomas Beecham, som hadde leiarskapen for operahuset det meste av tida frå 1910 til Melba pensjonerte seg.[44][45] Ein annan faktor i at ho opptredde mindre i Covent Garden var Luisa Tetrazzini, ein ti år yngre sopran som blei ein stor suksess i London og seinare i New York i roller som tidlegare var knytte til Melba.[1] Ein tredje grunn var at ho bestemte seg for å bruka meir tid i Australia. I 1909 byrja ho på det ho kalla ein «sentimental turné» i Australia, som dekka 10 000 miles (16 000 km) og inkluderte mange fjerntliggande byar.[1] I 1911 spelte ho i ein operasesong i samarbeid med J. C. Williamson-kompaniet.[46]

I 1909 kjøpte Melba ein eigedom i Coldstream, ein liten by nær Melbourne, og i 1912 hadde ho bygd eit hus der (ei utbygging av ein mindre bygning på staden) som ho kalla Coombe Cottage etter eit hus ho hadde leia nær London.[47] Ho grunnla òg ein musikkskule i Richmond, som ho seinare samla til Melbourne Conservatorium. Ho var i Australia då den fyrste verdskrigen braut ut, og blei aktiv i å samla pengar til velgjerdsorganisasjonar knytte til krigen, med innsamling av 100 000 pund. Som anerkjenning av dette blei ho utnemnd til Dame Commander of the Order of the British Empire (DBE) i mars 1918, «for tenester i å organisera patriotisk arbeid.»[n 5]

Etter krigen hadde Melba ein triumferande retur til Royal Opera House, med ei framføring av La bohème dirigert av Beecham, som opna huset igjen etter fire år då det hadde vore stengt. Times skreiv: «No har nok ingen sesong i Covent Garden byrja med nett den begeistringa som gjekk gjennom huset.»[50]

I 1922 vendte Melba tilbake til Australia, der ho song på dei svært suksessfulle «Concerts for the People» i Melbourne og Sydney, med låge billettpriser, som trekte til seg 70 000 publikummarar.[1] Ho var med på ein ny Williamson-opera sesong i 1924, men skapte misnøye blant lokale songarar då ho importerte eit heilt kor frå Napoli.[51] I 1926 hadde ho ei avskjedsframsyning i Covent Garden med scenar frå Roméo og Juliette, Otello og La bohème. Ho er minna i Australia for ei tilsynelatande endelaus rad av avskjedskonsertar, med opptredenar på midten av 1920-talet og konsertar i Sydney den 7. august 1928, Melbourne den 27. september 1928 og Geelong i november 1928.[1] For dette er ho minna med det australske uttrykket «fleire farvel enn Dame Nellie Melba».[1]

I 1929 drog ho tilbake til Europa for siste gong og vitja så Egypt, der ho fekk ein feber som ho aldri heilt blei frisk av.[1] Den aller siste gongen ho opptredde i London var ved ein velgjerdskonsert den 10. juni 1930.[52] Ho drog tilbake til Australia der døydde på St Vincent's Hospital i Sydney i 1931, 69 år gammal, av sepsis som hadde utvikla seg etter ein ansiktsoperasjon i Europa ei tid tidlegare.[1] Ho fekk ei omfattande gravferd frå Scots' Church i Melbourne, som far hennar hadde bygd og der ho hadde sunge i koret som tenåring.[1][53] Kortesjen av bilar til gravferda var over ein kilometer lang, og døden hennar kom til å bli forsideoverskrifta i Australia, Storbritannia, New Zealand og Europa. På reklameskilt i mange land stod det berre: «Melba er død». Ein del av hendinga blei filma. Melba blei gravlagd på kyrkjegarden i Lilydale nær Coldstream. Gravsteinen hennar blei utforma av sir Edwin Lutyens,[54] og har avksjedsorda frå Mimì i La bohème: «Addio, senza rancor» (‘Farvel, utan bitterheit’).[55]

Ærestilvisingar og minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Statue til Melba ved Waterfront City i Melbourne Docklands.

Melba blei utnemnd til Dame Commander of the Order of the British Empire ved nyttårslista i 1918 for velgjerdssarbeidet sitt under fyrste verdskrigen. I lag med May Whitty var ho den fyrste sceneutøvaren til å motta ordenen, og ho blei opphøga til Dame Grand Cross av ordenen i 1927.[1] Ho var den fyrste australiaren til å vera på framsida til bladet Time, i april 1927.[56] Eit glasmåleri til minne om Melba blei avduka i 1962 i Musicians' Memorial Chapel i kyrkja St Sepulchre-without-Newgate i London.[57] Ho er ein av berre to songarar - den andre er Adelina Patti - som er minna med ei marmorbyste på trappa til Royal Opera House i Covent Garden.[58]

Ein blå plaket til minne om Melba er sett opp ved Coombe House i Devey Close i Coombe i Kingston upon Thames, der ho budde i 1906.[59] Ho blei sett inn på den Victorian Honour Roll of Women i 2001.[60] Melba var nært knytt til Melbourne Conservatorium, og institusjonen blei omdøypt til Melba Memorial Conservatorium of Music til ære for henne i 1956. Konsertsalen ved Universitetet i Melbourne er kjent som Melba Hall. Forstaden Melba i Canberra er oppkalla etter henne.

Namnet til Melba er knytt til fire typar mat, som alle blei laga til hennar ære av den franske kokken Auguste Escoffier:

  • Peach Melba, ein dessert laga av fersken, bringebærsaus og vaniljeis.[61]
  • Melba sauce, ein søt puré av bringebær og rips
  • Melbatoast, ein tørr, tynn kjeks
  • Melba garniture, kylling, trøflar og soppar fylt i tomatar med veloutésaus.[62]

Melba planta eit poppeltre, ein Populus × canadensis ‘Aurea’ eller gullpopel, på Central Lawn i Melbourne Botanic Gardens den 11. april 1903. Treet er blitt kjent som «Melba's poplar».[63]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Melba drog til London med far sin. Mannen flytta også til Europa ei tid, og var i sporadisk kontakt med kona og barnet sitt.[1][3]
  2. Fleire andre australske songarar danna namn på liknande vis: Florence Mary Wilson tok scenenamnet Florence Austral, og Elsie Mary Fischer kalla seg Elsa Stralia – begge etter Australia; June Mary Gough tok namnet June Bronhill eter Broken Hill i New South Wales.
  3. «Qu'elle chante Lakmé en français, en italien, en allemande, en anglais ou en chinois, cela m'est égal, mais qu'elle la chante.»[16]
  4. Melba vitja New Zealand i februar 1903 etter turneen i Australia. Ho drog til Invercargill frå Hobart, og blei ønska velkommen av sir Joseph Ward (seinare newzealandsk statsminister) og lady Ward.[39] Etter ein konsert i Dunedin drog ho til Christchurch[40] og heldt ein konsert i Wellington.[41]
  5. Utnemninga blei utropt 5. mars 1918, men The London Gazette skreiv: «The appointments to date from the 1st January, 1918.» Det er derfor rett å seia at Melba og May Whitty var dei fyrste sceneutøvararane utnmende til DBE, sjølv om Whitty var blitt utnemnd i januar.[48][49]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 Davidson, Jim. "Melba, Dame Nellie (1861–1931)", Australian Dictionary of Biography, vitja 11. desember 2012
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Steane, J. B. "Melba, Dame Nellie (1861–1931)", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edition, januar 2011, vitja 24. mai 2011. (krev abonnement eller medlemskap i offentleg britisk bibliotet)
  3. 3,0 3,1 3,2 Sadauskas, Andrew. "Melba Bashed by Cowardly Husband", Arkivert 7 July 2011 ved Wayback Machine. Australian Stamps Professional, accessed 23 May 2011
  4. «Family Notices.». The Argus (Melbourne: National Library of Australia). 22 October 1881. s. 1. Henta 21. februar 2014. 
  5. O'Brien, Sheilagh. «The Dame in the tropics: Nellie Melba». 
  6. «Family Notices.». The Argus (Melbourne: National Library of Australia). 29. desember 1882. s. 1. Henta 21 February 2014. 
  7. 7,0 7,1 "Divorce of Madame Melba", The Morning Bulletin, 14. april 1900, s. 5
  8. 8,0 8,1 Skinner, Graeme. "Lemmone, John", Dictionary of Sydney, 2008, accessed 19 January 2015
  9. Gubler 2012, s. 192
  10. "Melodies and Memories", The Times Literary Supplement, 5. november 1925, s. 738
  11. Gubler 2012, s. 192
  12. «Melba – The Voice of Silver». The Australian Women's Weekly (National Library of Australia). 24 February 1971. s. 12. Henta 25 September 2014. 
  13. "Royal Italian Opera", The Musical Times, juli 1888, s. 411 (krev abonnement)
  14. 14,0 14,1 "A Prima Donna – Madame Melba's Memories", The Times, 23. oktober 1925, s. 8
  15. "France", The Times, 10. mai 1889, s. 5
  16. «Obituary – Dame Nellie Melba – A great prima donna», The Times, 24. februar 1931, s. 9
  17. The Times, 5. november 1891, s. 5; 6. november 1891, s. 9; 20. februar 1892, s. 5; 17. februar 1892, s. 13; 12. mars 1892, s. 16; 14. mars 1892, s. 3 og 24. mars 1892, s. 3
  18. "A week's musical topics", The New York Times, 4. juni 1893
  19. "'Lucia' at the Opera", The New York Times, 5. desember 1893
  20. 20,0 20,1 Conrad 1987, s. 249.
  21. "The Opera", The Times, 6. juli 1892, s. 9
  22. "Royal Opera", The Times, 4. januar 1908, s. 7
  23. "Royal Italian Opera", The Times, 10. juni 1889, s. 8
  24. "Covent Garden Opera", The Times, 7. november 1892, s. 12
  25. "Royal Opera – Otello", The Times, 2. juli 1908, s. 13
  26. "The Opera", The Times, 10. juli 1893, s. 8
  27. "The Opera", The Times, 20. mai 1893, s. 8
  28. "Royal Opera", The Times, 9. juli 1898, s. 10
  29. "Royal Opera", The Times, 26. juli 1898, s. 8
  30. "Royal Opera", The Times, 3. juli 1899, s. 10
  31. 31,0 31,1 "Royal Italian Opera", The Times, 4. juni 1890, s. 8
  32. "Royal Opera", The Times, 1. juli 1895, s. 8
  33. 33,0 33,1 "Royal Italian Opera", The Times, 6. juli 1891, s. 8
  34. "Royal Opera", The Times, 26. november 1906, s. 10
  35. «Cloak worn by Nellie Melba as Elsa in Lohengrin, c.1891». Grainger Museum Online. Henta 28 August 2023. 
  36. «Nellie Melba as Elizabeth from Tannhäuser, 1894». Grainger Museum Online. Henta 28 August 2023. 
  37. Shaw 1981, s. 95.
  38. Steane, J.B. "Melba, Dame Nellie (1861–1931)", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edition, januar 2011, vitja 24. mai 2011. (krev abonnement eller medlemskap i offentleg britisk bibliotet)
  39. Otago Daily Times, 17. februar 1903, s. 6
  40. The Press, 20. februar, s. 5
  41. Evening Post, 24. februar 1903, s. 5
  42. Jefferson 1979, s. 143.
  43. Search results: Nellie Melba, Performance archive, Royal Albert Hall, vitja 29. mars 2016
  44. Beecham 1959, s. 170–171.
  45. Lucas 2008.
  46. Shawe-Taylor, Desmond. "Melba, Dame Nellie", Grove Music Online. Oxford Music Online, vitja 25. mai 201
  47. "Our Story: Nellie Melba", Coombe Yarra Valley, accessed 4 February 2016
  48. Supplement to the London Gazette, 5. mars 1918
  49. "War Honours", The Times, 8. januar 1918, s. 7
  50. "First Night of the Opera – The King and Queen Present", The Times, 13. mai 1919, s. 14
  51. "Grand Opera – Italian Male Chorus – Engagement Resented, Hint of Strike", The Argus, 5. januar 1924, s. 19
  52. "Court Circular", The Times 11. juni 1930, s. 17
  53. "Church History" Arkivert 23. august 2010 ved Wayback Machine., Scots' Church website, vitja 7. juni 2010
  54. Bassett, Peter. "Melba and La bohème – Addio, senza rancore". Peterbassett.com, vitja 19. mai 2011
  55. "Memorials and Monuments to Individuals", "Ten Years on Exhibition", Lutyens Trust, vitja 14. september 2018
  56. Cover – Nellie Melba, Time 18 April 1927
  57. "Memorial Window to Melba", The Times, 12. mars 1962, s. 7
  58. "Things to do in London on a rainy day", Royal Opera House, vitja 11. desember 2012
  59. "Melba, Dame Nellie", English Heritage, vitja 4. august 2012
  60. «Victorian Honour Roll of Women» (PDF). 
  61. Avey, Tori. "Opera, Escoffier, and Peaches: The Story Behind the Peach Melba", 22. august 2012, vitja 9. april 2015
  62. Drummond-Hay, Lily. "Famous Foodies: Nellie Melba", The Observer, 13. juli 2003
  63. «Golden Poplar». Henta 31. mai 2019. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Melba, Nellie (1926). Melba Method. London & Sydney: Chappell. OCLC 5309485. 
  • Melba, Nellie (1925). Melodies and Memories. London: Butterworth. OCLC 556835777. 
  • Murphy, Agnes (1909). Melba: A Biography. London: Chatto & Windus. OCLC 563034777. 
  • Radic, Thérèse (1986). Melba: The Voice of Australia. Basingstoke: Macmillan. ISBN 0-333-41478-0. 
  • Wainwright, Robert (2021). Nellie – The Life and Loves of Dame Nellie Melba. Allen & Unwin. ISBN 9781760878252. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nellie Melba