George Bernard Shaw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Bernard Shaw

George Bernard Shaw (26. juli 18562. november 1950) var ein anglo-irsk dramatikar. Han blei tildelt nobelprisen i litteratur i 1925. Han skreiv mellom anna skodespelet Pygmalion, som seinare blei skapt om til musikalen og filmen My Fair Lady.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Shaw's Corner. Foto: Rolf Theil, 19.06.2009.

Shaw var fødd i ein fattig protestantisk familie i Dublin. På 1870-talet flytta han til London for å prøva lukka som forfattar. Han skreiv fem romanar som blei refuserte før han fekk arbeid som musikk-kritikar i avisa The Star. På same tida tok han til å delta politisk, gjennom medlemskap i det sosialistiske Fabian Society og «Bloody Sunday»-demonstrasjonen i 1887. Frå 1895 til 1898 var Shaw teaterkritikar i Saturday Review. Han blei gift med Charlotte Payne-Townshend i 1898. Shaw budde i huset «Shaw's Corner» i landsbyen Ayot St Lawrence i Hertfordshire fra 1906 til han døydde i 1950.

Verk og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Peishylla til George Bernard Shaw i stua i Shaw's Corner, med bilete av mellom anna Mahatma Gandhi, Vladimir Lenin, Josef Stalin og Henrik Ibsen. Foto: Rolf Theil, 19.06.2009.

Den første teatersuksessen hans, Candida, hadde premiere i 1898, og blei følgd opp av fleire komediar: The Devil's Disciple (1897), Arms and the Man (1898), Mrs Warren's Profession (1898), Captain Brassbound's Conversion (1900), Caesar and Cleopatra (1901, Man and Superman (1902), Major Barbara (1905), Androcles and the Lion (1912) og Pygmalion (1913).

Etter første verdskrigen skreiv han meir seriøse stykke, som Heartbreak House (1919) og Saint Joan (1923).

Som musikkritikar var Shaw ein ivrig forkjempar for musikken til Wagner. Innan teater var han særs oppteken av Henrik Ibsen, som han tok som eit førebilete og studerte i boka The Quintessence of Ibsenism (1891).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen som har med England å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.