Niilo Halonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Niilo Halonen
Niilo-Halonen-1965.jpg
Fødd 25. desember 1940
Kouvola
Yrke skihoppar

Kalle Niilo Ponteva Halonen (fødd 25. desember 1940) er ein finsk, tidlegare skihoppar frå Kouvola. Han vann sølvmedaljen i skihopp under vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA, og fekk bronsemedalje i storbakken i Zakopane i 1962. Halonen representerte Lahden Hiihtoseura.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Halonen fekk sin meisterskapsdebut heime i Finland då han under ski-VM 1958 i Lahti kom på 14. plass i hopprennet, eit renn som landsmannen Juhani Kärkinen vann. To år seinare deltok Halonen i OL i Squaw Valley og kom på sølvplassen, 4,6 poeng bak olympiameisteren Helmut Recknagel frå Aust-Tyskland. Same sesongen vart Halonen nummer to i Lahti-rennet, to poeng bakom landsmannen Veikko Kankkonen.

Under ski-VM 1962 i Zakopane overraska Halonen då han vann bronsen i storbakkerennet, bakom den suverene verdsmeisteren Helmut Recknagel, samt Nikolaj Kamenskij frå Sovjetunionen.

Halonen deltok i den tysk-austerrikske hoppveka frå 1961 til 1967, med 14. plass i 1963/64 som beste samanlagtplassering. Hans einaste pallplassering i hoppveka oppnådde han i Garmisch-Partenkirchen den 1. januar 1964, der Veikko Kankkonen sigra. Under OL i Innsbruck vart Halonen nummer fjorten i begge hopprenna. Seinare i OL-sesongen vart han nummer tre i Lahti, men var langt bakom vinnaren Kankkonen og nordmannen Torgeir Brandtzæg.

Under ski-VM 1966 i Oslo vart Halonen atter nummer 14 i normalbakken Midtstubakken, men kom på sjuandeplass i sjølve Holmenkollbakken. 6. mars 1966 vann Halonen hopprennet i Lahti, 0,1 poeng framom den doble verdsmeisteren, Bjørn Wirkola frå Noreg. Også i 1967 kunne Halonen klive på pallen i Lahti, då berre slått av Veikko Kankkonen.

Halonen la opp som aktiv skihoppar i 1969.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]