Torgeir Brandtzæg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torgeir Brandtzæg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. oktober 1941 (82 år)
Steinkjer kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1964 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1964 – Stor bakke

Torgeir Torbjørn Brandtzæg (fødd 6. oktober 1941) i Ogndal er ein norsk, tidlegare skihoppar som under vinter-OL 1964 i Innsbruck vann bronsemedaljen både i normalbakke- og storbakkerennet. Brandtzæg tevla for Ogndal IL, og gjekk under tilnamnet «Friskusen frå Ogndalen».

Brandtzæg slo seg inni i den internasjonale hoppeliten under den tysk-austerrikske hoppveka 1962/63. Samanlagt vart han nummer 5, etter å ha vorte nummer 2 bak Torbjørn Yggeseth i avslutningsrennet i Bischofshofen.

Både i 1963 og 1964 hadde Brandtzæg einast ein jambyrdig konkurrent i NM-rennet, Yggeseth i 1963 og Toralf Engan i 1964. Brandtzæg vart noregsmeister begge åra. I 1965, fyrste hoppsesongen det vart avvikla renn i både normal og stor bakke, var stoda sameleis i storbakken, då var det Bjørn Wirkola som med knapp margin vart vist til sølvplassen. I normalbakken Midtubakken derimot, vart Wirkola ein ganske klar vinnar, føre Brandtzæg.

Brandtzæg vann ein suveren siger i Svenska skidspelen i 1964. I hopprennet i Lahti same sesongen, der han vart nummer 2, hoppa han nesten jamnt med Veikko Kankkonen.

Brandtzæg gjekk til topps i den tysk-austerrikske hoppveka 1964/65. Han sigra i tre av renna, og vann med klar margin til toaren Wirkola. Brandtzæg vart sterkt skadd under eit renn i Pitkävuori i 1965, og la deretter hoppskia på hylla.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1962: Nr 7 i Holmenkollen
  • 1963: Nr 2 i Bischofshofen, nr 3 i Svenska skidspelen i Falun
  • 1964: Siger i Svenska skidspelen i Kiruna, nr 2 i Lahti
  • 1965: Vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka. Han sigra i enkeltrenn i Oberstdorf, Innsbruck og i Lahti

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Nils Werenskiold og Torgeir Brandtzæg: Friskus'n fra Ogndalen. Pax forlag 1967

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]