Nilmunnrugar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nilmunnrugar
Vill type av nilmunnrugar
Vill type av nilmunnrugar
Oppdrettstype av nilmunnrugar
Oppdrettstype av nilmunnrugar
Status
Status i verda: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Familie: Ciklidar Cichlidae
Underfamilie: Pseudocrenilabrinae
Stamme: Tilapiini
Slekt: Oreochromis
Art: Nilmunnrugar O. niloticus
Vitskapleg namn
Oreochromis niloticus

Nilmunnrugar er ein ferskvassfisk som lever i kystelvar i Israel og Libanon,[2] i Nilen, Tsjadbassenget, Kongo, Niger, Benue, Volta, Gambia og Senegal. Han finst også introdusert ei rekkje stader utanfor det opphavlege leveområdet sitt.[1][3]

Fisken kan bli opptil 60 cm lang,[2] og vega over 5 kg.[4] Som mange andre typar tilapia blir hannar større og veks raskare enn hoer.[4]

I slekta Oreochromis vernar hoa egga ved å ta vare på dei i munnen.

Nilmunnrugaren kan bli over 10 år gammal.[4]

Denne cikliden har stor økonomisk tyding. Der fisken lever vilt blir det fiska mykje etter han, og han er den viktigaste ciklidearten i akvakultur. Nilmunnrugar et malariamygg, og kan derfor ha ei rolle i å kontrollera malaria.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Diallo, I.; Snoeks, J.; Freyhof, J.; Geelhand, D.; Hughes, A. (2020). «Oreochromis niloticus». IUCN Red List of Threatened Species 2020: e.T166975A134879289. doi:10.2305/IUCN.UK.2020-3.RLTS.T166975A134879289.en. Henta 19. november 2021. 
  2. 2,0 2,1 Froese, Rainer og Pauly, Daniel, red. (2015). "Oreochromis niloticus" i FishBase. Versjonen frå November 2015.
  3. Azevedo-Santos, V.M.; O. Rigolin-Sá; and F.M. Pelicice (2011). «Growing, losing or introducing? Cage aquaculture as a vector for the introduction of non-native fish in Furnas Reservoir, Minas Gerais, Brazil». Neotropical Ichthyology 9 (4): 915–919. doi:10.1590/S1679-62252011000400024. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Nico, L.G.; P.J. Schofield; M.E. Neilson (2019). «Oreochromis niloticus (Linnaeus, 1758)». Food and Agriculture Organization, United Nations. Henta 5. november 2019. 
  5. «Fish can fight malaria mosquitoes» (på engelsk). 8. august 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]