Nora Gulbrandsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nora Gulbrandsen
Fødd 29. desember 1894
Oslo
Død

14. februar 1978
Oslo

Yrke keramikar, kunstmålar
Kaffikanne utforma av Nora Gulbrandsen kring 1929 og produsert på Porsgrunds Porselænsfabrik.
Foto: Anne-Lise Reinsfelt, Norsk Folkemuseum, NF.1982-1064AB

Nora Gulbrandsen (29. november 189414. februar 1978)[1] var ein norsk formgjevar og brukskunstnar, fødd i Kristiania (Oslo).

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Gulbrandsen var utdanna frå Statens håndverks- og kunstindustriskole. Seinare hadde ho studieopphald ved fleire porselensfabrikkar, mellom anna Sèvres.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Formgjevaren vart hanka inn rett frå Statens håndverks- og kunstindustriskole til Porsgrunds Porselænsfabrik i 1927, og der dette ho med ei gong i gang med utforming av modellar og dekorar tiltenkt Foreningen Norsk Brukskunst si Landsutstilling i Bergen 1928. Allereie i 1929 vart ho tilsett som sjefsdesignar ved Porsgrund. Etter relativt kort tid hadde ho bytt ut det meste av dei gamle modellane ved fabrikken med sine eigne nyteikna. Ho arbeidde i eit moderne formspråk med tydelege drag av både funksjonalisme og art deco.

Gulbrandsen slutta ved Porsgrund i 1945. Frå 1946 til 1957 hadde ho eigen keramikkverkstad i Oslo. Gjenstandar derfrå er oftast merkte med Nora G. innrissa i glasuren.

Nora Gulbrandsen formgav også smykke for David-Andersen, og ho har formgjeve mellom anna tapetmønster, bokbind og tekstil. Ho utforma også ein serie vinglas for Hadeland glassverk, men denne vart ikkje sett i produksjon.

Representert ved desse samlingane[endre | endre wikiteksten]

Mellom anna:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Alf Bøe - Nora Gulbrandsen på Porsgrund ISBN 82-7003-129-1
  • Josef Halvorsen, Kjell Egil Larsen og Harald Bache Bystrøm - «Gammelt Porsgrund» : klenodier verd å eie ISBN 82-992998-2-9
  • Red. Widar Halén - Art deco, funkis, Scandinavian design ISBN 82-467-0010-3
  • Red, Leif Østby et al. - Norsk Kunstnerleksikon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]