Nordvestlandsbåtar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nordvestlandsbåt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nybygd snidbetna færing. (Foto: Andreas V.)

Nordvestlandsbåtar er dei opne, oftast spissgatta, ro- og seglbåttypane frå Møre og Romsdal fylke, og tidlegare òg Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Nordvestlandsbåtane er kjenneteikna ved fyldig framstamn, smekker atterstamn, og ofte éin eller fleire ekstra bordgangar mot framstamnen. Dei fleste nordvestlandsbåtane har vore rigga med lårsegl. Det finst to hovudtypar av nordvestlandsbåtar:

  • Snidbetningen, eller sunnmørsbåten, som vi kjenner han frå dei siste par hundreåra er kjenneteikna ved eit stort tal ekstra bordgangar mot framstamnen og mange bordskøytar midtskips. Sunnmørsbåtane har lårsegl med kileskoren seglduk, smal og mesta trekanta seglform.
  • Geitbåten, eller romsdals- og nordmørsbåten, har oftast berre éin ekstra bordgang mot framstamnen. Han er elles kjenneteikna ved den korte og djupe kjølen og dei sterkt tilhogde halsane. Geitbåten har oftast lårsegl med parallellskoren seglduk, trapesforma segl og ei relativt brei .