Vengbåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vengbåt ved Rosendal i Sunnhordland.
Koparstikk av Jacob Maschius frå 1674: «Trondhjem - Urbs Norrigiæ Celeberrima Nidrosia». Skipa på Nidelva ser ut til å vera vengbåtar; dei har ikkje mast, så det kan ikkje vera jekter. I fylgje Båtlaget Nidaros[1] vart dei nytta til fraktefart.

Vengbåt var ein skyssbåt for embetsmenn, som geistlege, amtmenn osb. Dei hadde ein fastmontert veng i akterskotten, der dei reisande kunne opphalda seg i le for vêr og vind. Vengen på desse båtane var meir forseggjord enn løftingen på bruksbåtar som til dømes fembøringar. Nokre vengar såg ut som små hus og var ofte måla i fleire farger. Vengbåtane vart rodd av opp til 10 mann, men dei hadde òg mast med råsegl.

Baroniet i Rosendal hadde fleire vengbåter[2]. Nokre vengbåtar, som Eidsvollsbåten var utstafferte med baugspryd og gallionsfigur. Vengen hadde ofte glasruter slik at dei reisande kunne nyta utsikta. Det var vanleg med eit klaffbord og skåp for mat og drikkevarer.

I 1997 bygde Fosen folkehøgskole i Rissa ein vengbåt som fekk namnet «Nidaos»[1].

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Båtlaget Nidaros (vitja 8. august 2021)
  2. Ø. Færøyvik, Vestlandsbåtar - Frå oselvar til sunnmørsåttring, Norske båtar bind V, Grøndal & søn forlag AS, 1987.