Fembøring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Bindalsfæring og fembøring i Vefsna

Ein fembøring er ein open, spissgatta trebåt med segl og minst fem båtrom. Denne båttypen, som hovudsakleg er ein størrelseskategori, har tradisjonelt vorte bruka i Trøndelag og Nord-Noreg. Fembøringane blir tradisjonelt bygde anten som åfjordsbåtar eller nordlandsbåtar. Sjølv om fembøringane har minst fem rom, og i praksis ofte minst ein sju eller åtte, så har dei sjeldan meir enn fem eller seks par tollepinnar — og ofte ned til tre par i storfembøringane frå sist på 1800-talet.

Opphavet til namnet fembøring er uvisst. Av hypotesane kan nemnast at børing har vorte sett i samband med både bord og bør og at fem kan vise til anten talordet 5 eller eit likelydande ord med annan tyding. Kor som er, så er det truleg samband mellom termen fembøring og termen sambøring som ein finn i eldre kjelder frå Mørekysten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]