Fyring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyringen Gressetgeita frå garden Gresset i Aure kommune.
Foto: Olve Utne

Ein fyring, òg kalla firing og firroing, er ein open, spissgatta robåt med fire par årar, og oftast òg med segl[1][2]. Desse båtane vart ofte bruka til linefiske.

På garden Gresset i Aure kommune står det ein fyring frå 1700-talet i naustet.[3] Båten, som er 8,3 m lang, har stått ubruka i naustet i over 100 år og er i bra stand.[3] Etter som det er ein geitbåt blir han kalla «Gressetgeita».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ø. Færøyvik, Vestlandsbåtar - Frå oselvar til sunnmørsåttring, Norske båtar bind V, Grøndal & søn forlag AS, 1987.
  2. A. Klepp, Nordlandsbåter og båter fra Trøndelag, Norske båtar bind IV, Grøndahk & søn AS, 1983.
  3. 3,0 3,1 S.A. Sæther, «Her er Midt-Norges eldste båt» Arkivert 2005-11-17 ved Wayback Machine., Adresseavisen, 19. april 2012.
Spire Denne teknologiartikkelen som har med transport og Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.