Bask

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein bask er ein liten og lett båttype som etter måten har flat botn. Kjølen er grunn. Basken egnar seg såleis godt på elvar, sjøar og grunne område. Ein kjenner til dømes Tanabask frå Aust-Finnmark eller paaski frå Nordreisa i Nord-Troms.

Fjordbasken har vorte brukt i dei grunne områda kring elvemunningane inst i Varangerfjorden og Tanafjorden. Elvebasken har mykje same bruksområde som elvebåten, men han er kortare. Basken vert bygd av fure. I tidlegare tider vart borda samansauma med dyresenar eller tæger. Seinare har dei vorte klinka med båtsaum eller spikar som er nykte på innsida.

Så langt ein kjenner til er no ingen original bask i bruk. Sjøfartsmuseet i Oslo har to eksemplar. Hjå Tana museum er det ein båt. I 1996 - 98 vart det rekonstruert to båtar. Den eine er utstilt hjå Varanger samiske museum. I 2007 vart det rekonstruert ein båt i Nordreisa, til oppstarten av dåverande Baaskifestivalen, som i dag heiter Paaskiviikko. Det er ein kvensk kulturfestival med ulike typar arrangement knytte til kvensk språk og kultur som er spreitt kring seks kommunar i Nord-Troms. Båten kan per mai 2017 sjåast hjå Kronebutikken i Sørkjosen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arne-Terje Sæther: Balanse i baskar og elvebåtar, Kysten nr 5, 2008
  • Arne. R. Hole: Båter og Kystfolk, Aschehoug, 2007.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.