Nougat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvit nougat, også kjend som fransk nougat.
Wienernougat, laga med hasselnøtter, også kjend som berre nougat.

Nougat er ein konfekt- og godterimasse som er laga av rista, finhakka nøtter blanda med bruna sukker. Nøttene er vanlegvis mandlar, men ein kan òg bruka kjernar frå valnøtter, hasselnøtter, pistasjnøtter og anna. For å laga brun nougat er sukkerstoffet karamell, for å laga kvit nougat blandar ein nøttene i staden med smelta honning og eggekviter. Nougat kan òg lagast av rista nøtter, melis og sjokolade. Konsistensen varierer frå blaut til hard.

Ordet «nougat» kjem frå fransk nougat av gammalprovençalsk noga, som tyder 'nøtt'. Ordet er avleidd av det latinske nux.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]