Novouralsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Novouralsk
Новоуральск
Byvåpenet til Novouralsk
Byvåpenet til Novouralsk


Plassering
Novouralsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Sverdlovsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1941
1954
Borgarmeister Aleksander Saitsev
Geografi
Flatevidd
 - By

100 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

93 400
  934 /km²
Koordinatar 57°15′00″N 60°05′00″EKoordinatar: 57°15′00″N 60°05′00″E
Høgd over havet 300 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 62413x
Retningsnummer (tlf) (+7)34370
Nettstad: www.novouralsk-adm.ru

Novouralsk (russisk Новоура́льск) er ein lukka by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 95 000 innbyggjarar.

Byen Novouralsk, tidlegare kjend som Sverdlovsk-44, ligg på austsida av Uralfjella, rundt 60 km nordvest for Jekaterinburg. Sjølv om byen vart grunnlagt under den andre verdskrigen og fekk namnet Novouralsk i 1954, så vart han heldt hemmeleg heilt til 1994 og han har framleis status som «lukka by». Økonomien i byen er dominert av atomindustri, samt bil- og bygningsindustri.

Økonomi og industri[endre | endre wikiteksten]

Byen er heimstad for Ural elektro-kjemiske fabrikk, som har anrikning av uran og utvikling av sentrifugeteknologi til dette føremålet som viktigaste oppgåve, samt framstilling av instrument og industrisystem for atomindustrien. Fabrikken hadde det første gassdiffusjons-anrikningsanlegget i Sovjetunionen og vart sett i drift i 1949. I 1950 vart visse tekniske vanskar løyst og fabrikken kunne framstille fleire titals kilo 90% anrika uran. Den opphavlege fabrikken, kalla D-1, vart utvida med fabrikken D-3 i 1951 og D-4 og D-5 i 1953. Tenestemenn frå Ministeriet for atomindustri (Minatom) uttalte ein gong at Sverdlovsk-44 var den einaste fabrikken dei nokon gong nytta til å framstille høganrika uran til våpenbruk.

Fabrikken er førande i utviklinga av russisk sentrifugeteknologi og har nytta sjuandegenerasjons gassentrifuger sidan 1996 og har òg utvikla åttandegenerasjons sentrifuger. Fabrikken produserer no òg låganrikt uran ved hjelp av sentrifugeteknologi. Han er ein av fire russiske anrikningsanlegg.

Ein annan større industribedrift var Urals bilmotorfabrikk, som vart grunnlagt i 1967. Bedrifta var eit dotterselskap av Likhatsjov Moskva bilmotorfabrikk. Ural bilmotorfabrikk gjekk konkurs i 2000 og vart seinare kjøpt opp av Ural bilar og motorar, ein russisk-kinesisk joint venture for bilproduksjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]