Serov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Serov
Серов
Horisonten til Serov
Flagget til Serov Byvåpenet til Serov
Flagget til Serov Byvåpenet til Serov


Plassering
Serov is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Sverdlovsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1894
1926
Borgarmeister Vladimir Anissimov
Geografi
Flatevidd
 - By

438 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

98 500
  224,9 /km²
Koordinatar 59°36′00″N 60°34′00″EKoordinatar: 59°36′00″N 60°34′00″E
Høgd over havet 105 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 624980–624999
Retningsnummer (tlf) (+7)34385
Nettstad: www.adm-serov.ru

Serov (russisk Серо́в) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland og administrativt senter for Serovskij rajon. Han har om lag 100 000 innbyggjarar.

Byen ligg på austsida av Uralfjella, på venstre side av elva Kakva, ei sideelv til Sosva, noko over 300 km nord for Jekaterinburg.

Næringsliv og økonomi[endre | endre wikiteksten]

Serov er eit viktig senter for ferrolegeringar, som utgjer 80 % av økonomien i byen. Dei to største føretaka er A.K. Serov metallurgiske fabrikk (russisk Металлургический завод им. А. К. Серова – Metalurgitsjeskij zavod im. A. K. Serova) og Serov ferrolegeringsfabrikk (russisk Серовский завод ферросплавов – Serovskij zavod ferrosplavov). Sistnemnde produserer rundt 5 % av ferrokromet i verda. Andre industriar er maskinbygging, tømmer og næringsmiddel. Serov kraftverk (Serovskaja GRES) forsyner området med elektrisitet. Byen er senter for eit stort gruveområde, med utvinning av klignitt, jern, bauksitt og gull.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I den første tida av den russiske koloniseringa av Sibir var det berre nokre få mindre landsbyar i området. Situasjonen endra seg i 1893 då leiaren for Bogoslovsk Gruvedistrikt, Aleksander Auerbakh, foreslo å bygge ein fabrikk for produksjon av støypejern og jernbaneskjener ved elva Kakva, nær enden av ein eksisterande jernbane. Bygginga av ein busetnad for arbeidarane starta same år. Han vart kalla Nadezjdinsk etter Nadezjda Mikhajlovna Polovtsova, eigaren av Bogoslovsk Gruvedistrikt. Det første stål og skjener frå Nadezjdinsk vart produsert i 1896 og ein stor del av skinnene til den transsibirske jernbanen kom herfrå. Dmitrij Mendelejev, som vitja Nadezjdinsk, var gledeleg overraska av den progressive teknologien som vart nytta ved fabrikken. Den første skulen i Nadezjdinsk opna i desember 1895 og det første kraftverket (415 kW) i 1907.

Nadezjdinsk vart råka av den russiske revolusjonen i 1905, med uro som heldt fram til og med 1908. Ved starten på den første verdskrigen vart industrien i Nadezjdinsk lagt om for å passe militære behov. Brørne Klein sin maskinbyggingsfabrikk vart flytta til Nadezjdinsk frå Riga i 1917. Den aukande etterspurnaden etter arbeidskraft vart løyst ved å tilsetje arbeidarar frå Kina og Korea, i tillegg til krigsfangar. I 1917 var det 1266 kinesarar og koreanarar og 3329 krigsfangar i Nadezjdinsk.

27. oktober 1917, to dagar etter oktoberrevolusjonen i St. Petersburg, vart makta i byen overført til arbeidarane sitt sovjet utan kamp. 18. desember 1917 vart Bogoslovsk Gruvedistrikt, inkludert fabrikkane i Nadezjdinsk, nasjonalisert. I oktober 1918 vart Nadezjdinsk okkupert av hæren til den mellombelse regjeringa i Sibir, som var motstandarar av sovjetarane under den russiske borgarkrigen. 20. november 1918, to dagar etter at admiral Aleksandr Koltsjak vart leiar for dei kvite i Sibir, avretta dei kvite i Nadezjdinsk 23 av sine «raude» motstandarar. 19. juli 1919 vart byen teke tilbake av raude partisanar, som støtta sovjetarane. Byen var øydelagt etter borgarkrigen, ingen fabrikker var i fungerande stand og mange ingeniørar hadde reist frå området. Den sovjetiske regjeringa la ned mykje arbeid i å gjenopprette byen og økonomien her, og ved slutten av 1925 gjekk fabrikkane i Nadezjdinsk igjen på full kapasitet.

I 1926 fekk Nadezjdinsk bystatus. På 1930-talet vart produksjonen av ferrolegeringar i Nadezjdinsk utvida og mangfaldiggjort. I 1934 vart namnet på byen endra til Kabakovsk, etter I. D. Kabakov, leiaren av bolsjevikpartiet i Sverdlovsk oblast. I 1937 vart Kabakov avsett som følgje av Stalin sine utreinskingar og byen fekk tilbake det gamle namnet sitt Nadezjdinsk. I 1939 fekk byen igjen eit nytt namn, Serov, etter flypiloten A.K. Serov, ein tidlegare arbeidar ved Nadezjdinsk-fabrikken og krigshelt frå den spanske borgarkrigen, som hadde døydd tidlegare same år.

Serov var eit viktig senter for stålproduksjon under den andre verdskrigen. På grunn av mangelen på menn, som var utskrive til aktiv krigsteneste, var dei fleste stålarbeidarane kvinner. Mange organisasjonar vart evakuert til Serov frå dei sovjetiske områda som var okkupert av tyskarane, mellom anna sjukehus frå Polotsk og Smolensk og eit teater frå St. Petersburg.

Etter krigen auka etterspurnaden etter stål ytterlegare, på grunn av gjenoppbygginga. Serov vart eit hovudknutepunkt for den elektrifiserte jernbanen og eit nytt kraftverk vart bygt. I 1958 vart det produsert ferrosilisium i Serov for første gong. På 1970-talet vart det bygt eit treforedlingsanlegg og ein gassrøyrleidning.

Tidleg på 1990-talet førte dei feilslåtte reformene til Gorbatsjov økonomien i byen ned til eit rekordlågt nivå. Byen opplevde store auke i arbeidsløyse og fattigdom, som med mange små byar i heile Russland. Samtidig vart mange statlege selskap privatisert eller vart lagt under kommunal kontroll. 14. juli 1993 brast ei demning ved Kiseljovskoje-reservoaret og 1373 familiar mista heimane sine. Etter årtusenskiftet har utviklinga i økonomien igjen vorte positiv, levestandarden har auka og byen ser stadig betre ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]