Hopp til innhald

Pervouralsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pervouralsk
Первоуральск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Sverdlovsk oblast
Høgd 283 m
Areal 66 km²
Folketal 110 999 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1933
Postnummer 623100–623159
Retningsnummer (+7)34392
Kart
Pervouralsk
56°55′00″N 59°57′00″E / 56.916666666667°N 59.95°E / 56.916666666667; 59.95
Wikimedia Commons: Pervouralsk

Pervouralsk (russisk Первоура́льск) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland. Byen ligg ved elva Tsjusovaja, ei sideelv til Kama, rundt 40 km vest for Jekaterinburg, og har om lag 110 000 innbyggjarar.

Soga til Pervouralsk startar i 1730 då Vasilij Demidov starta bygginga av eit jernverk på staden. Rundt fabrikken vart det i 1732 grunnlagt ein busetnad kalla Vasiljevsko-Sjajtanskij (russisk Васильевско-Шайтанский). I 1933 fekk busetnaden bystatus og endra samstundes namn til Pervouralsk, som tyder 'den første i Ural'.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Pervouralsk har nest etter Jekaterinburg den raskast veksande økonomien i Sverdlovsk oblast, med ein årleg vekst i industriproduksjonen på 25–30 % og ein årleg omsetnadvekst i detaljhandelen på 20 %. Som følgje av dette er arbeidsløysa i byen særs låg, rundt 1 % og talet på ledige stillingar har vore høgare enn talet på arbeidsledige. Den største arbeidsgjevaren i byen er røyrprodusenten Pervouralskij Novotrubnyj Works.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pervouralsk