Rollag kommune
| Rollag kommune | |||
| kommune | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Buskerud | ||
| Adm.senter | Rollag | ||
| Areal | 449 km² | ||
| • land | 434 km² | ||
| • vatn | 15 km² | ||
| Folketal | 1 414 (1. januar 2025) | ||
| Målform | nøytral | ||
| Ordførar | Viel Jaren Heitmann (Sp) | ||
| Kommunenr. | 3336 | ||
![]() Rollag kommune 59°59′02″N 9°17′43″E / 59.983888888889°N 9.2952805555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Rollag | |||
| Nettstad: www.rollag.kommune.no | |||
Rollag kommune er ein kommune i Numedal i Buskerud fylke. Kommunen grensar i nordvest til Nore og Uvdal kommune, i aust mot Sigdal kommune, i sør mot Flesberg kommune, og i vest mot Tinn kommune i Telemark fylke.
Den offisielle skildringa av kommunevåpenet er «To oppstigende gullspisser, møtende i øvre skjoldrand, mot rød bakgrunn». Våpenet viser stilisert ein varde og er frå 1993.
Næringsliv og samferdsel
[endre | endre wikiteksten]Rollag er ein jordbruks- og skogbrukskommune. Dei fleste gardane ligg på morenejord i hovuddalføret 200–300 moh. Jordbruket er basert på hald av husdyr (særleg storfe og sau), men det er også dyrka atskilleg korn. Kongsberg Automotive har ein fabrikk i Rollag, som er å rekna som ei hjørnesteinsbedrift i kommunen. I Rollag ligg Numedal folkehøgskole, ein folkehøgskole som fokuserer på idrett.
Fylkesveg 40 (Kongsberg–Geilo) går gjennom kommunen langs Lågen. Frå Veggli kyrkje går det sommarveg vestover til Tinn kommune i Telemark og frå dei sørlege delane av bygda over til Sigdal kommune. Numedalsbanen som gjekk frå Kongsberg til Rødberg har nå noko turisttrafikk i privat regi; overfor Veggli er det berre dressinkjøring.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Rollag kommune omfattar Numedal frå Fossan til Vergja bru, i tillegg til fjelltraktene på begge sider. Dalsidene i Numedal er for det meste bratte og skogkledde, og åslandet på begge sidene av hovuddalføret er svært kupert. Nesten to tredelar av arealet i kommunen ligg høgre enn 600 moh. Det høgste punktet er Storegrønut som er 1289 moh. og ligg på Vegglifjell, på grensa til Telemark i nordvest.
Det er to tettstader i Rollag kommune, kommunesenteret Rollag og det noko større Veggli. Busetnaden i kommunen følgjer for det meste hovuddalføret der desse to tettstadene ligg.
- Rollag stavkyrkje i Rollag.
- Vegglifjell, det høgste fjellområdet i kommunen.
- Åklinuten (1246 moh.)
- På Åkli med utsyn mot Kroktjørnan og Viermyrnuten/Blenuten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Rollag» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rollag kommune — Offisielle heimesider

