Offiseren Johan Jørgen Krohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Johan Jørgen Krohn.
Johan Jørgen Krohn
Fødd 1766
Stryn
Død

1834
Norderhov

Yrke offiser

Johan Jørgen Krohn (17661834) var ein norsk offiser, vegmeister, godseigar og forretningsmann.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Norddal med kyrkja der faren var prest.

Krohn var son av Ludolf Krohn (1741-1795) og Mette Kristine Reutser (1739-1767). Namnet hadde han etter bestefaren Johan Jürgen som innvandra frå Altona til Bergen i 1726.[1] Krohn var fødd i Nordfjord der faren var kapellan i Innvik prestegjeld.[2] Mora døydde medan han var spedbarn. Krohn kom fem år gamal med familien til Norddal på Sunnmøre då faren overtok som sokneprest der. Han voks opp i Dalsbygda og fekk opplæring heime hos faren.[3]

Sjørvoll (Skjørvold) på Ringerike i dag.

Johan Jørgen Krohn var først gift med Bodil (Boel) Marie Magelsen (enkje etter Jørgen Christian Meinich), men skild i 1805 og gift på ny med Johanne Marie Selmer. Bodil Magelsens son frå første ekteskap, Jens Christian Meinich - den seinare futen for Valdres og Land, voks også opp på Krohn-garden. Etter skilsmissa overtok Bodil Marie eigedommen Nordre Sedal i Land («Kronborg») og etterkommarar frå første ekteskap, mellom anna barnebarna Hans Thomas Meinich, Jørgen Henrik Meinich og Bolette Meinich (mor til Jens Bratlie)[4] voks opp der.[5] Krohns eigen son, juristen Peder Anker Krohn, var mellom anna byfogd i Kragerø og Larvik, og dessuten stortingsmann 1830-32 for Christians amt.[6] Dottera Mette Alette (1793-1867) gifta seg med juristen Ole Gjerdrum, seinare politimeister i Christiania og fut i Aker og Follo. Etter skilsmissa frå Bodil Marie kjøpte Krohn garden Sjørvoll ved Steinsfjorden på Ringerike. Nevøen med same namn voks for det meste opp hos Krohn etter at han flytta til Ringerike, nevøen var ein kjend boktrykkar og bladstiftar.[7]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lunde bru (Krohn bygde opphavleg ei trebru i 1795)

Etter krigsskule (frå 1786) gjorde Johan Jørgen Krohn militær karriere til majors grad.[8]

Ved Nystuen kring 1820, teikning av Wilhelm Maximilian Carpelan
Dagens veg over Filefjell

Som vegsjef for heile Austlandet gav Peder Anker i 1792 den unge løytnant Krohn i oppdrag å leie arbeidet med den nye kongevegen mellom Christiania og Bergen.[9] Anleggsarbeidet gjekk over eit stort område frå Randsfjorden, via Etnedal, over åsen til Fagernes, langs Vangsmjøsa og heilt til stiftsgrensa på Filefjell.[10] Dette vart den første køyrbare vegen over fjellet mellom Austlandet og Vestlandet, dagens stamveg mellom Oslo og Bergen, E16, følgjer i stor grad same trase mellom Fagernes og Lærdal. På det meste hadde Krohn 25 soldatar og over 100 utkommanderte bønder i arbeid. Krohn var veginspektør for Valdres og Land frå omkring 1792 til 1805.[11]

Kjerraten i Åsa var del av Ankers system for tømmertransport (rekonstruksjon av hjulhus nr 5 med vassrenne, vasshjul og rullebane).

Peder Anker rekrutterte etterkvart Johan Jørgen Krohn til stillinga som styrar («oberfullmektig») for tømmerforretninga og dei store skogane på Ringerike, Hadeland og i Valdres. På det meste hadde Anker 0,5 million dekar i desse områda. Krohn organiserte også mykje av arbeidet med bygginga av kjerraten i Åsa (konstruert av den svenske ingeniøren Samuel Bagge). Då Anker vart norsk statsminister i Stockholm tok svigersonen Herman Wedel Jarlsberg over leiinga av Anker-godset. Samarbeidet med den nye sjefen på Bogstad var visstnok ikkje av det beste.[12]

Krohn kjøpte ei rad gardsbruk i Land ved Randsfjorden og slo desse saman til eitt bruk (Kronborg). Ei tid hadde han også hand om den store eigedommen Landåsen i Land.[13] Han åtte også garden Skjørvold ved Steinsfjorden på Ringerike.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bratberg, Terje (2018-11-16). «Krohn – slekt etter Johan Jørgen Krohn». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel.
  3. Holst, R. Sommerfelt (1931): Slekten Krohn fra Kronborg og Ringerike. Oslo: Morten Johansens Boktrykkeri.
  4. Wasberg, Gunnar Christie (2014-09-28). «Jens Bratlie». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  5. Haugen, Øyvind (2014-09-29). «Jørgen Meinich». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  6. NSDs politikerarkiv http://www.nsd.uib.no/polsys/storting/
  7. Røste, Oddvar (1995): En varde i distriktet: Ringerikes blad 150 år. Hønefoss: Ringerikes blad.
  8. Holst, R. Sommerfelt (1931): Slekten Krohn fra Kronborg og Ringerike. Oslo: Morten Johansens Boktrykkeri.
  9. Frydenlund, Bård (2009): Stormannen Peder Anker. En biografi. Oslo: Aschehoug.
  10. Hvattum, Harald (1993): På gamle vegar i Valdres. Vegbygging, vegvedlikehald og vegstyring i Valdres fram til slutten av 1800-talet. Fagernes: Valdres forlag og Valdres folkemuseum.
  11. Hvattum, Harald (1993): På gamle vegar i Valdres. Vegbygging, vegvedlikehald og vegstyring i Valdres fram til slutten av 1800-talet. Fagernes: Valdres forlag og Valdres folkemuseum, s.76.
  12. Holst, R. Sommerfelt (1931): Slekten Krohn fra Kronborg og Ringerike. Oslo: Morten Johansens Boktrykkeri.
  13. Holst, R. Sommerfelt (1931): Slekten Krohn fra Kronborg og Ringerike. Oslo: Morten Johansens Boktrykkeri.