Ludolf Krohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ludolf Krohn
Fødd 24. oktober 1741
Bergen
Død

27. februar 1795
Luster

Yrke prest

Ludolf Krohn (eller Ludolph) (fødd 24. oktober 1741 i Bergen, død 27. februar 1795 i Luster) var ein norsk prest. Foreldra var snikkar Johan Jürgen Krohn (Cron) (død 1743)[1] som innvandra til Bergen frå Altona ved Hamburg[2] og Alhed With. Krohn tok teologisk eksamen i Bergen i 1761. Han var residerande kapellan i Innvik prestegjeld i Nordfjord 1764-1772 (før 1842 omfatta Innvik prestegjeld også Stryn, Loen og Olden). Sokneprest først i Norddal 1772-1784, deretter var han sokneprest i Dale i Luster 1785-1795.[3] Gift med Mette Christine Reutser (1739-1766), deretter med Maren (Mein) Cathrine Høgh (Høeg) (1749-1827). Mein Cathrine Høghs onkel var handelsmannen Hans Henrik Holtermann[4] som kjøpte delar av Giskegodset og seinare fekk han òg hand om Austrått.

Ludolf Krohn var far til offiseren Johan Jørgen Krohn og klokkar i Norddal Ivar H. Krohn (1770-1839).[5] Klokkaren Ivar H. Krohn var far til boktrykkar og avisgründer Johan Jørgen Krohn. Med Ludolf kom familienamnet Krohn til Sunnmøre.

Norddal (Dale) kyrkje.
Dale kyrkje i Luster.

I Krohns tid vart den nye kyrkja i på Dale bygd - han la ned grunnsteinen for kyrkja 1782 og skreiv då i kallsboka: «Mandag d. 6.mai 1782 blev Grundstenen for Nordalens Kirke for paany at opbygges af Tømmer - hvortil Zions Gud av Naade give Lykke lagt af mig og hold en Tale over Gen. 28. Kap. 22 Vers (1.Mos. 22,28».[6] Krohn fekk hand om mesteparten av Dalsbygda («Indre Dale med Kiilstistøl») på ein auksjon i 1777. Han gav 631 riksdalar for jorda med alle «paastaaende Jord Brugene tilhørende Huser samt al anden tilliggende Herligheder». [7] På Ivergarden i Dalsbygda er det reist ein minnestein over presten Ludolf.[8] I 1773 Krohn vart tidleg medlem av Syndmøre practiske Landhuusholdningsselskab (det første «landhusholdningsselskap» i landet) med sorenskrivar Melchior Falch og presten Hans Strøm i spissen.[9][10]

«Biskop Arentz anså ham for en meget heldig Katheket» skriv Lampe.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Digitalarkivet. Døde i Bergen 1668-1815. http://digitalarkivet.no
  2. Johan Jürgen fekk borgarbrev i 1726. Digitalarkivet: Borgerskap i Bergen 1600-1751. http://digitalarkivet.no
  3. 3,0 3,1 Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel.
  4. Dale, Bjørn Jonson (1996): Ørstingar - ættebok for Ørsta. Del 1 1600-1900.
  5. Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2. utgåve. Valldal: Norddal kommune.
  6. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.22
  7. Tafjord, Leonhard (1955): Norddal bygdebok. Hus og heim, gard og grend. Valldal: Norddal kommune, s.333.
  8. http://loype.kulturminneaaret2009.no/kulturminneloyper/norddal-den-gamle-bygda/ivergarden-det-eldste-huset
  9. http://snl.no/.nbl_biografi/Melchior_Falch/utdypning
  10. Solli, Gunnar (1931): Møre Landbruksselskap 1831-1931. Ugjeve av selskapet. Molde.