Offer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ofring)
Gå til: navigering, søk
Ein mann utfører eit heimeoffer i Kapsiki i Kamerun.

Offer (norrønt offr) er noko ein gjev frå seg eller gjev opp for eit høgare føremål, ofte til ein guddom men også for ei sak eller for andre. Offer er kjend frå heile verda og frå dei eldste kjende formene for guds- og åndedyrking. Offer kan ha ulike funksjonar, men går ofte ut på å byggja eit godt tilhøve mellom menneske og makter.[1] Dei kan vera forsøk på å æra eller blidgjera ulike makter, soning for synder, vera føreskrivne som daglege ritual eller ved viktige hendingar som fødslar, dødsfall, giftarmål, høgtider eller nye byrjingar eller vitjingar til ein heilag stad.

I ulike samanhengar kan ein ofra ulike goder, som levande vesen, mat og drikke, ting eller pengar. Ein kan skilja mellom offer ut frå kva ein ofrer og korleis det blir ofra, som drikkoffer, grødeoffer, brennoffer og slaktoffer, eller kva føremålet med offeret er, som takkoffer eller syndoffer.

Brennoffer[endre | endre wikiteksten]

Ofring der ein brenn rituelle papirpengar i Chengdu i Kina.

Ved brennoffer lèt ein offeret brenna slik at det anten blir gjeve til elden, som symboliserer guddommen, eller forsvinn frå verda ved å gå opp i røyk og slik kan forståast å gå over til ei anna verd. Brennoffer har lang tradisjon i hinduismen, parsismen og tradisjonell kinesisk religion, der dei framleis er i bruk.

Ein kjenner også til brennoffer frå fleire tidlegare tradisjonar, som gammal jødedom og gresk religion.[2] Første Mosebok fortel at ein kan bruka ein okse, vêr eller fugl utan lyte som brennoffer.[3]

Flytande offer[endre | endre wikiteksten]

Ei kvinne heller eit offer oppi eit rituelt kar kjend som kratér.

Væsker som drikkar, vatn og oljer kan ofrast gjennom å hella dei over gudebilde, i kar, på eld, på bakken eller i bergsprekker. Dei kan også drikkast som del av offerritualet, såkalla drikkoffer. Ulike typar skatta væsker, som mjølk, honning eller ghi, kan brukast som flytande offer. Alkoholdrikkar er også vanlege. Grekarane og romarane brukte ein heilag vin, kjend som libatio, som drikkoffer. I norrøne samfunn var rituell drikking av øl eller mjød viktig. Elles var soma ein svært viktig offerdrikk i gammal indisk religion, og haoma i gammal persisk. Det er uklart nøyaktig kva denne drikken var laga av.[4]

Matoffer[endre | endre wikiteksten]

Ei kvinne ber frukter som offer til Pura Dalem PuriBali.

Matvarer er ein annan vanleg offergåve. Dersom dei ikkje blir fortærte av eld, kan dei etast av prestar, dei som står bak offeret eller andre. Mat signa gjennom eit offerritual blir kalla prasad i hinduismen og sikhismen, og er ein viktig del av religionsutøvinga. I mange kristne kyrkjer følgjer nattverden eit offer (oblatio) av brød og vin til Gud. I den katolske kyrkja er nattverdsliturgien mellom anna kjend som messeoffer.

Slaktoffer[endre | endre wikiteksten]

Dyreoffer omfattar ofte rituell slakting av dyr som så kan brennast, etast eller gravleggjast. Slike slaktoffer er kjend frå ei rekkje historiske kulturar, som Egypt, Hellas, Romarriket, vedisk og norrøn tid, og var ein viktig del av jødedommen fram til øydelegginga av Det andre tempelet. Muslimar og samaritanarar driv framleis med slaktoffer til særskilde høgtider, id ul-adha og pesah. Også nokre former for hinduisme og tradisjonelle afrikanske og afrikanskætta religionar, som santería, omfattar dyreofringar. Også her er det vanleg å eta det ofra dyret, bortsett frå i rituale der sjukdom skal ha blitt overført til dyret.[5]

Menneskeoffer[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av eit aztekisk menneskeofringsrituale.

Fleire religionar har også drive med menneskeoffer. Dette kunne vera i samband med nye byggverk, som tempel eller bruer, med uår og katastrofar, der offeret skulle blidgjera maktene, eller i samband med dødsfall, der dei ofra menneska skulle følgja ein høgtståande person som familie eller tenarar i dødsriket. Menneskeofring er omtalt hjå mellom anna keltarar og blant germanske folk, mellom anna vikingar. Det er kjend frå det gamle Kina, der hertug Xian av Qin avskaffa praksisen for ei tid på 300-talet f.Kr. Menneskeofring var også utbreidd i førkolumbiske Amerika.

Fleire myter om menneskeoffer fortel om korleis ofringa blei avverga, som i dei greske sogene om Ifigeneia og Andromeda eller i den bibelske forteljinga om Abraham og Isak. Soga om Jefta si dotter fortel derimot om eit offer som blir gjennomført på grunn av eit overilt løfte.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]