Sven Aarrestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sven Aarrestad (6. oktober 185019. januar 1942) var ein norsk fråhaldsaktivist og Venstre-politikar. Han var landbruksminister i Noreg 19061908.

Aarrestad vart fødd i Varhaug, som låg i Hå kommune, men flytte med foreldra til Time kommune som fireåring. Han utdanna seg til folkeskulelærar og virka 18781891 som førstelærar ved Sande høgare allmennskule i Vestfold. I 1891 vart han vald som venstremann til stortingsrepresentant for Jarlsberg og Larviks amt og slo seg ved same tid ned som gardbrukar i Sande. Han representerte Jarlsberg og Larviks amt 18921894 og (som «Samlingsmann») 19061909. 7. november 1906 vart han utnemn til statsråd og leia Landbruksdepartementet. Han trådde frå i 1908 og vart same år utnemnd til amtmann i Nedenes amt. 19001909 var han medlem av landsstyret til Venstre.

Aarrestad gav fleire gongar støyten til viktige tiltak for landbruket, mellom anna danninga av Norsk Landmandsforbund, men viktigast var han som forkjempar for fråhaldssaka. I 1883 vart han redaktør for fråhaldsbladet Menneskevennen, og han var formann i Det Norske Totalavholdsselskap 18871927; i det heile vart han etter kvart den leiande mannen for fråhaldspartiet i Noreg.

Aarrestad vart av kongen 18. mars 1908 forfremma til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden «for statsborgarleg og embedsforteneste». Han hadde i 1901 vorte utnemnd til riddar av 1. klasse. Aarrestad var også innehavar av storkrossen av Dannebrogsordenen.[1]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Bibelen og Afholdssagen (1889)
  • Samlagsspørgsmaalet (med Andreas Lavik, 1895)
  • Praktisk sundhedslære for skole og hjem (1900)
  • Vort Stræv mod Rusdrikkene: Indlæg i Døgnets Strid (1905)
  • Avholdsfolket og det nye ølet: foredrag (1913)
  • Elisabeth Edland: et liv i det godes tjeneste (1920)
  • Straum og bakevje: ymse innlegg i striden um forbodet (1922)
  • Ta lærdom av livet (1923)
  • Min stilling til forbudet i 1911 (1926)
  • Om avvæpning (1927)
  • Den store sak i vår tid (1930)
  • Spredte trekk fra kampen om forbudet i Norge (1933)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 70.