Hopp til innhald

Olaug Nilssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaug Nilssen

StatsborgarskapNoreg
Fødd28. desember 1977 (48 år)
Førde
Yrkeskribent
Periode1998-
PrisarSigmund Skard-stipendet, Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond, Målprisen, Doblougprisen, Fritt Ords Pris, Nynorsk litteraturpris

Olaug Nilssen (fødd 28. desember 1977)[1] er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og arbeider som bokmeldar og forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa.

Nilssen voks opp i Solheimsdalen i Førde kommune og busette seg seinare i Bergen[2], der ho mellom anna studerte litteraturvitskap. Ho har vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og var, saman med Gunnhild Øyehaug, redaktør for det no nedlagde litterære tidsskriftet Kraftsentrum.[3] Ho var leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland frå 2008 til 2010.[2][3]

Olaug Nilssen er blitt kåra til ein av dei ti viktigaste unge forfattarane i Noreg. Forfattarskapen hennar er allsidig og prega av humor.

Nilssen var festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela i 2006.[4][5]

Få meg på, for faen vart filmatisert i 2011.[5]

Tung tids tale er dramatisert av Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret og Kilden Teater og Konserthus.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]
  • 2003 Signaler 2003 (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-22333-4  [Av innhaldet: Heimreiser / Olaug Nilssen, s. 111-119]
  • 2004 Nesten! (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-24546-3  [Av innhaldet: Nesten kastar ingen mann av hesten / Olaug Nilssen, s. 303-311]
  • 2006 Quiz for kvasse : 2007 spørsmål fra faktahelvetet (Oslo: Spartacus). ISBN 82-430-0382-7  [Av innhaldet: Olaug Nilssens litterære heltinner / Olaug Nilssen, s. 313-318]
  • 2006 Rosa prosa : om jenter og kåthet (Oslo: Gyldendal). ISBN 82-05-35357-3  [Av innhaldet: Artur og Alma / Olaug Nilssen]
  • 2007 Tilbake til 90-tallet (Oslo: NRK). ISBN 978-82-8178-248-8  [Av innhaldet: Frisyre-triumfering sytten år på etterskot / Olaug Nilssen]
  • 2015 DUS : den unge scenen. 6 (Oslo: Transit). ISBN 978-82-7596-347-3  [Av innhaldet: Jenta som ingen kunne mobbe / Olaug Nilssen]
  • 2022 Hjemmekontoret (Oslo: Cappelen Damm). ISBN 978-82-02-76059-5  [Redigert av Lars Saaby Christensen. Bidrag frå Olaug Nilssen m.fl.]
  • 2023 Eg vil vere her : dikt til trøyst (Oslo: Samlaget). ISBN 9788234006319  [Redaktør: Olaug Nilssen. Inneheld dikt av m.a. Olaug Nilssen]
  • 2024 Mellom menneske og manus : følelser, etikk og metode i litteraturen (Oslo: Res publica). ISBN 9788282262965  [Bidrag frå Olaug Nilssen m.fl.]

Omsetjingar

[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Olaug Nilssen (28.12.1977)»». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum).
  2. 1 2 ««Olaug Nilssen»». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 8. mai 2017.
  3. 1 2 ««Olaug Nilssen»». Store Norske Leksikon. Henta 21. august 2013.
  4. ««Dei Nynorske Festspela 2006»». ballade.no. 21. juni 2006. Henta 21. august 2013.
  5. 1 2 3 4 Svein Olav B. Langåker (19. august 2011). «– Filmen flink til å drepa darlingsane mine». framtida.no. Henta 20. august 2013.
  6. ««Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond»». Nettstaden til Bærum bibliotek. Arkivert frå originalen 2016-03-05. Henta 20. august 2013.
  7. Hjørdis Ånestad Tiltnes (18. august 2004). ««Rogaland dominerer Samlaget si liste»». aftenbladet.no. Henta 20. august 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]