Sosialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sosialistisk)
Det raude flagget er eit sosialistisk symbol.

Sosialisme (frå latin; socius, forbundsfelle) er ei politisk tankeretning som har størst mogleg økonomisk og sosial likskap som mål. Slik likskap er etter sosialistisk tankegang ein føresetnad for reell fridom for alle. Den økonomiske og sosiale utjamninga kan ifølgje sosialismen ikkje fullførast utan at dei viktigaste produksjonsmidla (naturressursar, storindustri, storkapital) er felleseige og reelt styrte av samfunnsmedlemmene på demokratisk vis.

Ordet sosialisme vart første gong nytta av filosofen Pierre Leroux i 1834. Han kalla sosialismen "doktrinen som ikkje vil svike ideala om fridom, likskap og brorskap". Andre kjelder seier at ordet først vart nytta av Marie Roch Louis Rebaud i Frankrike, eller Robert Owen i England, far til Kooperativismen. Sjølv om desse var dei første til å nytte ordet, er "sosialismens far" rekna til å vera greven av Saint Simon, Claude Henri de Rouvroy. Han påverka tankebyggverka til Karl Marx. Sosialistiske idear byggjer soleis på den franske revolusjonen sine ideal, og var framme alt før 1820 (utopisk sosialisme).

Sosialismen som politisk program og politisk rørsle oppstod i den moderne arbeidarklassa som kom i kjølvatnet av kapitalisme-framvoksteren på 1800-talet. Sosialistiske idear vart særleg i vinden i tida etter Julirevolusjonen i Frankrike i 1830, og dei henta tankegodset sitt frå den franske revolusjonen. Det sosialistiske forbundet vart skipa ikkje lenge etter. Karl Marx (1818-1883) og Friedrich Engels slutta seg til denne rørsla i tida før 1848, og vidareutvikla dei sosialistiske tankane til klassisk kommunisme. Påverknaden frå Marx har vore avgjerande for sosialistisk tenking etter dette. Arbeidarrørsla har sidan då vore ei blanding av fagorganisasjonar og sosialistiske parti.

Sosialisme i ulike variantar har sidan slutten av 1800-talet vore arbeidarrørsla sin ideologi. Dei viktigaste variantane av sosialisme har historisk vore den sosialdemokratiske og den kommunistiske, og ulike variantar av desse igjen.

Kommunismen som eiga retning blei grunnlagd av Vladimir Lenin (1870-1924). Fram til Berlinmuren fall i 1989 og Sovjetunionen sitt samanbrot i 1991 kalla dei styrande kommunistpartia i Aust-Europa systemet sitt «den reelt eksisterande sosialismen». Demokratiske sosialistar nekta for at denne nemninga var dekkjande, og den vanlege nemninga for desse regima i Vesten var «kommunisme».

Dei viktigaste partia i den sosialistiske tradisjonen i Noreg i dag, er Det norske Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Raudt (R). Ap har ikkje lenger målet om eit sosialistisk samfunn i formålsparagrafen sin, mens SV har sosialismen både i namnet og i formålsparagrafen. Raudt har òg programfesta målet om eit sosialistisk samfunn.

Sjå òg mellom anna artiklane marxisme, kommunisme, demokratisk sosialisme, sosialdemokrati, Eduard Bernstein, Rosa Luxemburg, Karl Kautsky, Julius Martov og Otto Bauer.