Numedalsbanen
| Numedalsbanen | |
| Numedalsbanen ved Bjørnsrud i Flesberg. Delar av banen øydelagt pga flom i 2002. | |
| Info | |
| Type | Jernbane |
| System | Enkeltspora uelektrifisert bane |
| Status | Sidebane utan regulær trafikk nord for Flesberg Persontransport innstilt 31. desember 1988 |
| Utgangsstasjon | Kongsberg |
| Endestasjon | Rødberg |
| Drift | |
| Opna | 1927 |
| Eigar | Bane Nor |
| Type trafikk | Gods |
| Teknisk | |
| Lengde | 92,8 km |
| Bruer | 18 |
| Tunnelar | 17 |
| Planovergangar | 128 |
Numedalsbanen er den 92,8 km lange jarnbanestrekninga frå Kongsberg stasjon til Rødberg stasjon (i Nore og Uvdal kommune). Heile strekninga ligg i Buskerud fylke.
Numedalsbanen vart offisielt opna den 19. november 1927[1] med Haakon VII og kronprins Olav til stades.
Numedalsbanen vart nedlagd frå 1. januar 1989.[1] I nokre planar var det tenkt at banen skulle verta ein del av Bergensbanen. Det var damplokomotiv på Numedalsbanen fram til 1970.[2] Etter det vart det nytta diesellokomotiv fram til banen vart nedlagd.
Numedalsbanen vart freda av Riksantikvaren i 2013. Fredinga omfattar 70 stader, både stasjonar og tunellar.[2]
Gjenopning
[endre | endre wikiteksten]Hausten 2013 vart ei 30 km lang strekning frå Kongsberg til Flesberg opna for transport av flis og massevirke til Moelven Numedal i regi av Grenland Rail.[3] På Flesberg vart det etablert ein tømmerterminal.[4] Etter ei avsporing i april 2014 vart alle sviller bytta, og strekninga til Svene pukkverk var ferdig i november same år, medan resten var ferdig i mai 2016.[5] I 2018 vart det kjørt 2-3 godstog i veka med massevirke frå Moelven Numedal til fabrikkar i Sverige.[6]
I samband med utreiing av togoppstilling på Kongsberg stasjon er to av alternativa, Storemyr og Nordre Spiten, med i vurderinga. I fall eit av desse skulle bli valt, vil det medføre elektrifisering av strekninga ned til Kongsberg stasjon.[7]
Linjekart
[endre | endre wikiteksten]



| Teiknforklaring | ||||||||||
| ||||||||||
| 192,21 km | Rødberg stasjon (1927) | 370,9 moh. | ||||||||
| Uvdalselva (35 m) | ||||||||||
| 190,29 km | Rødberg vakterbustad (1929) | |||||||||
| Hvilsten (16 m) | ||||||||||
| Gvamsås V (83 m) | ||||||||||
| Gvamsås IV (92 m) | ||||||||||
| Gvamsås III (156 m) | ||||||||||
| Gvamsås II (152 m) | ||||||||||
| Gvamsås I (25 m) | ||||||||||
| 186,76 km | Gvammen (1927) | |||||||||
| sidespor til Nore II kraftanlegg | ||||||||||
| Bondeberg (140 m) | ||||||||||
| Vrennedalen II (45 m) | ||||||||||
| Vrennedalen I (12 m) | ||||||||||
| Sandnes II (92 m) | ||||||||||
| Sandnes I (92 m) | ||||||||||
| 184,01 km | Søndre Sandnes (1929) | |||||||||
| 182,29 km | Midtstigen (1929) | |||||||||
| Rundberg (146 m) | ||||||||||
| 180,74 km | Svendsrud (1929) | |||||||||
| 178,18 km | Norefjord (1927) | |||||||||
| Eidsåa (30 m) | ||||||||||
| 175,07 km | Eidsstryken (1927) | |||||||||
| 171,28 km | Kittelsland (1929) | |||||||||
| 169,51 km | Kravikfjord (1927) | |||||||||
| Geiteryggen II (246 m) | ||||||||||
| Geiteryggen I (572 m) | ||||||||||
| 166,82 km | Fossebrekke (1929) | |||||||||
| 164,36 km | Kjerre (1927) | |||||||||
| 162,25 km | Tveitkåsa (1935) | |||||||||
| 160,18 km | Veggli stasjon (1927) | |||||||||
| Veggli elv (30 m) | ||||||||||
| 158,40 km | Risteigen (1930) | |||||||||
| Vamre (1976) | ||||||||||
| 155,72 km | Laugi (1927) | |||||||||
| Bruhaug bru over Lågen (65 m) | ||||||||||
| 154,63 km | Bjorsåte (1972) | |||||||||
| 153,34 km | Bråten (1960) | |||||||||
| 151,87 km | Rollag kyrkje (1958) | |||||||||
| 150,80 km | Tråen (1927) | |||||||||
| 147,17 km | Rollag (1927) | |||||||||
| 144,70 km | Kjome (1930) | |||||||||
| Selsteigen (44 m) | ||||||||||
| Selsteigen (1958) | ||||||||||
| Gygrestigen (57 m) | ||||||||||
| Ulvik (78 m) | ||||||||||
| 141,00 km | Djupdal (1927) | |||||||||
| Helle (228 m) | ||||||||||
| 137,70 km | Fossan (1929) | |||||||||
| 135,71 km | Bakkerud (1927) | |||||||||
| Fv101 | ||||||||||
| Bjørnsrud (1930) | ||||||||||
| Rv40 | ||||||||||
| 129,49 km | Flesberg (1927) | |||||||||
| Fv98 | ||||||||||
| sidespor til Numedal bruk | ||||||||||
| 127,95 km | Eie (1930) | |||||||||
| 125,22 km | Vangestad (1927) | |||||||||
| Rud (1929) | ||||||||||
| 122,60 km | Fløtterud (1930) | |||||||||
| Lyngdalselva (27 m) | ||||||||||
| 119,87 km | Lampeland (1927) | |||||||||
| 118,08 km | Toresplassen (1962) | |||||||||
| Furuly (1976) | ||||||||||
| 115,63 km | Svene (1927) | |||||||||
| Rv40 | ||||||||||
| 113,00 km | Ramsrud (1930) | |||||||||
| Svene pukkspor | ||||||||||
| 110,96 km | Herbru (1928) | |||||||||
| 109,18 km | Gleda (1927) | |||||||||
| 105,26 km | Pikerfoss (1927) | |||||||||
| Bævergrendveien Fv88 | ||||||||||
| 102,19 km | Spiten (1929) | |||||||||
| Withs gate Fv88 | ||||||||||
| Sørlandsbanen frå Hjuksebø stasjon | ||||||||||
| 99,37 km | Kongsberg (1917) | 161,9 moh. | ||||||||
| Sørlandsbanen til Hokksund | ||||||||||
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Thor Bjerke, Finn Holom (2004). «Numedalsbanen, Kongsberg-Rødberg». Banedata 2004 : data om infrastrukturen til jernbanene i Norge. Hamar / Oslo: Norsk Jernbaneklubb / Norsk Jernbanemuseum. s. 228. ISBN 82-90286-28-7.
- 1 2 «Numedalsbanen». Riksantikvaren / Kulturminnesøk. Henta 22. september 2017.
- ↑ «Numedalsbanen settes i drift - Bane NOR», www.banenor.no, henta 6. oktober 2019
- ↑ «Flesberg - Bane NOR kundeportal», www.banenor.no, henta 6. oktober 2019
- ↑ «Numedalsbanen i drift igjen - Bane NOR», www.banenor.no, henta 6. oktober 2019
- ↑ «Denne delen av godstrafikken er nesten tredoblet siden 2010», Jernbanemagasinet, henta 6. oktober 2019
- ↑ «Utredning Hensetting Østlandet – delrapport 3» (PDF). Henta 6. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Foreninga Numedalsbanens Venner
- www.numedalsbanen.net Arkivert 2007-10-10 ved Wayback Machine.
- Numedalsbanen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
