Ole Ålgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Ålgård
Fødd 9. september 1921
Død

26. januar 1995

Yrke jurist, diplomat

Ole Ålgård (fødd 9. september 1921 på Ålgård, død 26. januar 1995) var ein norsk ambassadør. Han byrja i utanrikstenesta etter å ha utdanna seg til jurist. Frå 1946 var han stasjonert fleire stader. Han var ambassadør i Beijing frå 1967 til 1970, i FN i ti år frå 1972 til 1982. Ålgård avslutta karrièren sin i utanrikstenesta som ambassadør i København frå 1982 til 1989.

Frå 1975 var han leiar av FN sin tilsynskomite for FN sitt andre utviklingstiår.

Sitat[endre | endre wikiteksten]

Per Egil Hegge siterer Ole Ålgård:

«I Sverige er alt som ikke er tillatt, forbudt. I Norge er alt som ikke er forbudt, tillatt. Og i Danmark er alt som er forbudt, tillatt.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]