Hopp til innhald

Ole Erik Almlid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Erik Almlid

StatsborgarskapNoreg
Fødd1. desember 1969 (56 år)
Malm i Verran
Yrkebedriftsleiar, avisredaktør
FarKolbjørn Almlid

Ole Erik Almlid (fødd 1. desember 1969) er ein norsk næringslivsdirektør, tidlegare kommunikasjonsdirektør, avisredaktør og journalist. Sidan 2018 har han vore administrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).

Almlid har ei utdanning frå Norsk journalisthøgskole, forutan studium i statsvitskap og psykologi. Han har vore nyhenderedaktør, nettredaktør og sjef for politisk redaksjon i Aftenposten, sjefsredaktør i Østlendingen og Hamar Dagblad, sjefredaktør og dagleg leiar i Avisenes Pressebyrå, politisk redaktør og konstituert sjefredaktør i Trønder-avisa. Han har òg vore journalist i ei rekkje aviser. I 2013 vart Almlid kommunikasjonsdirektør i NHO. Frå 1. januar 2016 vart han viseadministrerande direktør i same organisasjon.[1][2][3] Dinest, vart han administrerande direktør i NHO den 18. desember 2018.[4] Almlid sit i fleire styre, mellom anna i styret i Norges Varemesse, Civita og Ungt Entreprenørskap (UE).

Ole Erik Almlid er son av Kolbjørn Almlid, tidlegare fylkesordførar i Nord-Trøndelag.

Ole Erik var i yngre år aktiv i Senterungdommen, mellom anna som medlem av sentralstyret.[5]

Almlid har vore open på at han har cerebral parese.[6]

  1. «Ole Erik Almlid». NHO.
  2. Aldra, Simon (20. juni 2013). «Ole Erik Almlid ny NHO-direktør». Trønder-Avisa. Arkivert frå originalen 2016-04-12. Henta 12. april 2016.
  3. «Ole Erik Almlid (43)». Journalisten. 20. juni 2013. Arkivert frå originalen 25. juni 2013.
  4. «Ole Erik Almlid blir ny NHO-sjef». www.nho.no (på norsk). Henta 2018-12-18.
  5. «Ole Erik Almlid» i Store norske leksikon, snl.no.
  6. «Helt sjef», emagasin-loaktuelt.lomedia.no (på norsk bokmål), henta 2024-03-16

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]