Ole Ingebrigtsen Soelberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Ingebrigtsen Soelberg
Fødd 11. oktober 1798
Soknedal
Død

2. januar 1874

Yrke bonde, politikar

Ole Ingebrigtsen Soelberg (11. oktober 17982. januar 1874) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Soknedal i Sør-Trøndelag. Han var stortingsmann i lang tid, møtte fyrste gongen i 1833 og siste gongen i 1854, samt ordførar i Strinda i fleire periodar. Han var far til Lars Soelberg.

Soelberg var fødd og oppvaksen på garden Søre Solberg i Soknedal. Sjølv tok han underoffiser-eksamen i 1818 i Trondheim. 1818-39 var han overjeger ved holtålske, seinare selbuske kompani av det trondhjemske nasjonale jegerkorps. Han var gardbrukar på farsgarden i Soknedal til 1835, kjøpte då garden Hegdalen i Strinda. Året etter selde han Hegdalen og kjøpte Øvre Rotvoll i same herad. Soelberg selde i 1860 Rotvoll-garden til amtet, som oppretta Rotvoll landbruksskule der (skulen vart flytta til Skjetlein i 1900), han kjøpte samstundes bruket Hesthagen ved Gløshaugen i Strinda.

Soelberg representerte Nordre Trondhjems amt på Stortinget 1833, 1836, 1836-37, 1842, 1845, 1851 og 1854. Han var medlem av militærkomiteen 1833, kyrkjekomiteen 1836, bevilgningskomiteen 1836-37, protokollkomiteen (1842 og 1845) og i 1842 komiteen om embetsgardar. Medlem av Lagtinget både 1851 og 1854, elles med i militærkomite nr. 2 i 1851 og vegkomiteen i 1854.

Soelberg var i ein mannsalder jamt ordførar i Strinda. Fyrste gongen 1839-41, og sidan 1843, 1847-49, 1856-57 og 1860. Han var også forlikskommissær og sparebankdirektør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]