Ole M. Gausdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole M. Gausdal
Fødd 13. juni 1860
Død

desember 1960

Yrke politikar

Ole Martin Pettersson Gausdal, ofte O.M. Gausdal, (13. juni 186021. desember 1960) var ein norsk lærar, gardbrukar, kjøpmann og redaktør frå Geiranger. Han var stortingsmann for Arbeidarpartiet.

Gausdal var fødd og oppvaksen på fjellgarden Gomsdal i Geiranger sokn i dåverande Sunnylven herad. Han vart seminarist frå Tromsø i 1880. Deretter var han lærar i Lenvik frå 1880, sidan i Nordreisa frå 1881 til 1890. Han var gardbrukar 1883-92 og 1903-09, i mellomtida dreiv han handel i Nordkjos i Nordreisa. Åra 1903-09 var han også heradskasserar i Nordreisa, deretter i same stilling 1909-11 i Tromsøysund, dit han flytta i 1909. Han vart redaksjonssekretær i Nordlys 1910, redaktør 1912-15. Bolken 1913-15 var han ordførar i Tromsøysund.

Gausdal var ordførar i Nordreisa 1890-92, og var formann i både skulestyre og fattigstyre. I 1900 var han med å stifta Arbeidarpartiet sitt fylkesparti i Troms i 1900. Han var fyrste varamann til Stortinget i dei tre valperiodane frå 1903 til 1912. I 1904 møtte han på tinget 12. mars-7. mai frå krinsen Tromsø amt, medlem av Lagtinget og tollkomiteen. Periodane 1913-15 og 1916-18 representerte han krinsen Tromsøysund på Stortinget, medan han 1919-21 representerte Lyngen krins på tinget. Heile tida 1913-21 var han medlem av Militærkomiteen. Her gjorde han framlegg om absolutt nedrusting for og gjekk inn for avskaffing av verneplikta. I den siste valbolken var han også medlem av den førebuande fullmaktskomiteen. Både 1918, -19 og -20 var han delegat ved interparlamentariske fredsmøte. Gausdal var i 1920 mellom dei som røysta for norsk medlemskap i Folkeforbundet. Han var elles medlem av lufttrafikkommisjonen av 1919 og av Den sivile forsvarskommisjonen av 1920.

Gausdal braut med Arbeidarpartiet i 1921, og melde seg inn den nystifta partigruppa sosialdemokratane. Same året var han mellom stiftarane av Nordreisa sosialdemokratiske forening, der han var formann i ni år. Han nådde ikkje opp ved stortingsvalet hausten 1921.

Frå 1922 til -32 var Gausdal kontrollør for skattlegginga av tobakk og sjokolade.

På sine eldste dagar flytta han til Ålesund, der han seinare døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914