Ole Osmundsson Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Osmundsson Berge
Fødd 17. desember 1844
Sand i Ryfylke
Død

3. oktober 1894
Stavanger kommune

Yrke politikar

Ole Osmundsson Berge (17. desember 18443. oktober 1894) var ein gardbrukar, utskiftingsmann og stortingsmann frå Sand i Ryfylke. Han var medlem av Venstre, for så å gå over til Moderate Venstre i 1889.

Berge var son til ein gardbrukar. Han gjekk ut frå landbruksskulen i Stavanger amt i 1863. Frå 1868 var han utskiftingsassistent og frå 1878 utskiftingsformann i amtet. Han var i tillegg gardbrukar på Veilo i heimbygda frå 1879, i 1888 tok han over farsgarden Berge. Perioden 1884-89 var han medlem av heradsstyret i Sand, fire av åra var han ordførar. Også sparebankdirektør.

Berge representerte Stavanger amt på Stortinget frå 1883 til 1897. Valperioden 1892-94 var han 1. varamann, men møtte så å seie heile perioden i staden for Jakob Sverdrup. Tida 1883-88 var han medlem av næringskomite nr 2, 1889-91 av landbrukskomiteen og 1892-94 av militærkomiteen.

Berge døydde i Stavanger hausten 1894.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]