Billy Swan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Billy Swan
Verkeleg namn William Lance Swan
Fødd 12. mai 1942 (76 år)
Cape Girardeau i Missouri i USA
Instrument

vokal, klaverinstrument, gitar

Sjanger Country
Pop
Aktive år 1962 til i dag
Yrke Songar, låtskrivar
Plateselskap Monument Records, A&M, Epic

William Lance «Billy» Swan (fødd 12. mai 1942) er ein USA-amerikansk låtskrivar og songar, mest kjend for hitten «I Can Help» i 1974.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Swan vart fødd i Cape Girardeau i Missouri. Som barn lærte han å spele trommer, piano og gitar, og byrja å skrive songar. Gjennom brotet hans kom i 1962 då Clyde McPhatter spelte inn «Lover Please», ein song skriven av Swan då han spelte i det lokale bandet Mirt Mirly & the Rhythm Stoppers, og som først hadde blitt spelt inn av Bill Black.[1] McPhatter-versjonen nådde raskt sjuandeplassen på singellista i USA.

Swan flytta til Memphis for å arbeide med Black, men Black vart sjuk og døydde kort tid etter i 1965. Swan arbeidde ei stund på eigedomen til Elvis Presley, Graceland. Han flytta så til Nashville, der han skreiv countrysongar for mange artistar, som Conway Twitty, Waylon Jennings og Mel Tillis. I 1969 tok Swan på seg rolla som plateprodusent og produserte Tony Joe White-hitten «Polk Salad Annie». Swan spelte òg bassgitar for Kris Kristofferson, og fekk så ein soloavtale med Monument Records.[1]

Det første albumet hans inneheldt songen «I Can Help», ein rockabilly-song som toppa både Billboard Hot 100- og countrylista i USA i 1975, og som vart ein hit i mange andre land. Swan spelte inn songen på to forsøk and med eit RMI-orgel som Kristofferson og songaren Rita Coolidge hadde gjeve han i bryllaupsgåve. Andre album for Monument, A&M og Epic vart langt frå så suksessrike som debutalbumet.[1]

I 1979 reiste Swan til Havanna på Cuba for å spele på den historiske Havana Jam-festivalen, som fann stad 2.-4. mars, i lag med Stephen Stills, the CBS Jazz All-Stars, the Trio of Doom, Fania All-Stars, Weather Report, Bonnie Bramlett, Mike Finnegan, Kris Kristofferson, Rita Coolidge og Billy Joel, i tillegg til ei rekkje cubanske artistar som Iraqis, Pacho Alonso, Tata Güines og Orquesta Aragón. Klipp frå konserten hans er med i dokumentaren til Ernesto Juan Castellanos Havana Jam '79.

Swan heldt fram å turnere som medlem av bandet til Kristofferson, og spelte inn to album med Randy Meisner frå The Eagles. I 1986 drog han i studio med eit band kalla Black Tie og i lag med Meisner, Jimmy Griffin (Bread), David Kemper (trommeslagar), David Miner og David Mansfield og gav ut albumet When the Night Falls.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplassering[2]
US Country US CAN NOR
1974 I Can Help 1 21 34 3
1975 Rock 'n' Roll Moon 29 13
1976 Billy Swan 28
1977 Four

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Listeplassering[3][4][5]
US Country US US AC CAN Country CAN CAN AC GER AUS UK
1974 «I Can Help» 1 1 6 1 2 4 1 1 6
1975 «I'm Her Fool» 53 93
«Don't Be Cruel» 26 42
«Everything's the Same (Ain't Nothing Changed)» 17 91 29 62 36 84
1976 «Just Want to Taste Your Wine» (med The Jordanaires) 45
«You're the One» 75
«Shake, Rattle and Roll» 95
1978 «Hello! Remember Me» 30 46
«No Way Around (It's Love)» 97
1981 «Do I Have to Draw a Picture» 18 29
«I'm into Lovin' You» 18 28
«Stuck Right in the Middle of Your Love» 19 35
1982 «With Their Kind of Money and Our Kind of Love» 32
«Your Picture Still Loves Me (And I Still Love You)» 56
1983 «Rainbows and Butterflies» 39
«Yes» 67
1986 «You Must Be Lookin' for Me» 45
1987 «I'm Gonna Get You» 63

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Biography by Steve Huey at Allmusic.com
  2. «Allmusic ((( Billy Swan > Charts & Awards > Billboard Album )))». 
  3. «Allmusic ((( Billy Swan > Charts & Awards > Billboard Singlar )))». 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singlar & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 542. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. «Search results for Billy Swan». RPM. Henta 2009-08-10. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]